Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Men mat ska’rem ha!

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. november 2018

Vi skal ikkje blande denne saken borti Ole Paus, men det er likevel mat som er vårt tema.  Da vi såg kraftforbilen frå Røv Mølle i aktivitet med lossing i Viastua, var temaet klart.  – Det var Arne Bergheim frå Røv Mølle som sørga for at Viastukyrne fikk påfyll med kraftfor i dag, og 7,5 tonn kraftfor, med ekstra mykje fiber, vart blåst oppi kraftforsiloen.

7500 kg kraftfor blåste Arne Bergheim frå Røv Mølle oppi kraftforsiloen – ei blanding med ekstra mykje kli som er tilpassa grovforkrisa som har oppstått i år. Foto: Jon Olav Ørsal

Kraftforbilen frå Røv Mølle er eit kjent trekk i «bybiletet» og sørger for leveranser rundt ein gong i månaden – kanskje litt oftare hos enkelte.  Denne dagen var det altså kraftfor med ekstra mykje fiber som vart levert, og det skal fungere som litt vomfyll fortalte Ola Kvendset.  – Ei blanding av ureabehandlet havre og kli, blant anna.  Kyrne får lett lausmage når det et for mykje kraftfor, og difor er det bra med litt ekstra kli for å få nok fiber. I Viastua går det rundt 150 tonn kraftfor pr år – litt ekstra kjem det nok til å gå i år, ettersom grovforavlinga var begrensa på grunn av den spesielle sommaren.

Grovforavlinga i Viastua kom på rundt 60 % av eit normalår, og det gjer nok at vi litt «mikse og trikse» med foret i år.  – For å kompensere er vi nødt til å bruke meir kraftfor, men vi vil også bruke halm og potet i ei viss utstrekning.

Røv Mølle har også tilpassa nye kraftfortypar med meir fiber for å kunne erstatte reduserte grovforavlingar. Men her i distriktet er det ikkje nokon direkte krise, seier Ola Kvendset, – her i distriktet ser det ut som dei fleste har klart å sikre seg nok for. Det har heller ikkje vore nødvendig med nedslakting i nokon stor stil.

I Viastua brukar vi rundt 150 tonn med kraftfor i året. I år blir det nok litt ekstra. Frå venstre Arne Bergheim frå Røv Mølle saman med Ola Kvendset. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 14. november 2018, 15:35