Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Start 4H feira haustfest på tradisjonell måte

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. november 2018

Laurdag ettermiddag var tida inne for å runde av sesongen for Start 4H med tradisjonell haustfest i gymsalen. Her kunne dei by på både underhaldning og traktering, og ikkje minst presentasjon av prosjektoppgåvene dei har jobba med den siste tida.  Det er sjølvsagt artig og triveleg å invitere både familie og venner for stolt å vise fram utstillinga.

Den siste veka før haustfesta er alltid travel, for da skal alt på plass med tekster, bilde, varer og utstyr og rekneskap – utstillinga skal bli så bra som muleg. Og det var det ikkje vanskeleg å sjå at dei har lykkast med, for det var mange fine utstillingar langs veggane i skulens gymsal, og alle saman fekk godkjent sine oppgåver og fekk ei lite gåve som markering frå 4H.

Ingebrigt Bergli leia haustfesta, og han tok oss med på ein lysbildekavalkade frå årets aktivitetar.

Det var Ingebrigt Bergli som leia haustfesta, og han tok oss først med på ein lysbildekavalkade der vi fekk sjå bildeglimt frå aktivitetane hei hadde halde på med det siste året. – Det har vore mange utflukter, og ikkje minst har deile gjengen vore samla til LAN i Skultstua no i haust.

Vidare var det sjølvsagt traktering til alle og så 4h-quiz med lokalt tilpassa spørsmål som medlemane hadde laga sjølve – her vart det kåra vinnar som fekk premie på deling for beste lag.

Publikum var elles dyktige til å kjøpe lodd som er kjærkomen inntekt for Start 4H, og det løyste ut stor spenning når trekkinga starta på tampen av arrangementet. Heilt til slutt takka Ragna og Line Kvennset for oppslutninga om haustfesta og Start 4H. Dei har vore rådgjevarar og har hatt ei hand på rattet, men skrytte av dei dyktige ungdomane som i 4H-klubben som har ordna det meste sjølve.

Bildeglimt frå årets haustfest i Start 4H  – alle bilder Jon Olav Ørsal

Publisert: 3. november 2018, 20:22