Triveleg ettermiddagskaffe i skulen
Fredag inviterte elevane i Todalen skule til ettermiddagskaffe, der alle som hadde lyst var velkomne. Til kaffen var det diska opp med både nystekte bakels, sjokoladekake og krydderkake, men heile arrangementet starta med song frå scenekanten. Alle elevane var med i «skulekoret», og dei hausta skikkeleg applaus for songen sin.