Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Imponert over ei livskraftig bygd

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. august 2019

SV politikaren Yvonne Wold har i kveld vore på snarvisitt i Surnadal og i Todalen for å gjera seg kjent.  Wold er frå Åndalsnes og er tilknytta Sosialistisk Venstreparti både som SVs ordførarkandidat i Rauma og som SVs førstekandidat til fylkestingen i Møre og Romsdal.

På Todalsturen var det første og fremst å få sjå og høre om Todalsfjordprosjektet som stod på agendaen. Men på programmet stod også info om prosjektet til Todalen grendelag som jobbar for å bevare skule og barnehage og auke busettinga i bygda. Bjørn Gunnar Ansnes orienterte om arbeidet som er gjort det siste året og at arbeidet no er i ferd med å gje resultat.  Todalen har nemleg over 100 arbeidsplassar og treng sårt fleire bustader – som det no arbeides med gjennom grendelaget. 

Ein kjapp tur innom talgø Utstillingssenter – Gammelfabrikk vart og tid til. Frå ventre Ole Stensby, Yvonne Vold, Karina Kalvik og Inger Johanne Iversen. Foto: Jon Olav Ørsal

Det vart også tid til ein svipptur innom Talgø utstillingssenter – Gammelfabrikken, og Yvonne vart imponert over det ho fekk sjå der. Elles er ho veldig oppteken av satsinga i jordbruket, og tykkjer at ein sjølvbergingsgrad på 37,5 % er risikabel, og bør aukast. Vi er alt for avhengige av å få mat frå utlandet. 

 

 

 

Publisert: 28. august 2019, 19:09