Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bruk røysteretten din på valdagen, men kva med slengarar?

Jon Olav Ørsal Sundag 25. august 2019

I Surnadal er det rundt 4500 røysteføre personar som kan gå til valurnene måndag 9. september. I Surnadal er også vallokalet ope søndag 8. september, der røysteføre frå heile kommunen kan røyste denne dagen.  Elles er det mulig å førehandrøyste på kommunehuset fram til 6. september. Reglane for førehandsrøysting på kommunehuset og røysting i institusjonane kan du lese meir om her

Bruksanvisninga for ekstra personrøyst og slengarar finn du på baksida av alle vallister.

Men er du klar over at du kan påverke valresultatet ved å endre på røystesetelen både ved å gje ekstra personrøyst eller du kan gje slengarar. Med slengarar kan du gje ei personstemme til kandidatar frå andre parti. Det kan være aktuelt dersom det er nokon som du veit vil støtte spesielle saker. Da skal du være merksam på at dersom du overfører ein slengar frå anna parti enn det du stemmer på så overfører du 1/27 – dels stemme frå ditt parti til det andre partiet.  Korleis dette fungerer og korleis det påverkar teljinga etter valet kan du lese om her på denne linken.

Søndag ettermiddag var mange av dei lokale listekandidatane for årets kommuneval samla utafor Matkroken for å oppmode alle til å bruke stemmeretten din. – Dei oppmodar deg også om å lese og samanlikne programma frå partia som stiller eiga liste ved kommunevalet i Surnadal.

Inne i vallista fin du kollonner for å føre opp inntil 6 slengarar frå andre parti.

 

Publisert: 25. august 2019, 18:41