Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer på tur til Røros med Surnadal Pensjonistlag – oppdatert

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. august 2019

Bergstaden er kjent for gruver og minne etter fleire hundre års kopparutvinning. Bykjernen er godt teken vare på og veldig triveleg å vandre i. Omvisning til kjente landemerke.  Vi startar frå kulturhuset på Skei mandag 23.9. kl. 0900 med retur tysdag 24.9.

Miljø frå gruvemuseet på Røros – verdt eit besøk! Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Vi køyrer over Kvikne med retur om Haltdalen/Ålen. Overnatting på Bergstaden Hotel. Buss frå L. O. Stenberg.

Pris pr pers i dobbeltrom for medlemmer i pensjonistlaget kr. 1685,-, Ikkjemedlemar kr. 2185,-.
Pris pr pers i enkeltrom kr. 2080,- for medlemmer, Ikkjemedlemar kr 2580,-

For at vi skal få turen i stand, må vi ha minst 20 påmeldte.  Dei som skreiv seg på lista på medlemsmøtet 20.8. treng ikkje melde seg på ny.

Påmelding til Johanne eller Olav Jostein innan mandag 16.9. på tlf. 465 16 449 –  Arrangør: Turgruppa i Surnadal Pensjonistlag.

 
Først publisert: 27. august 2019, 16:22 - Sist oppdatert: 30. august 2019, 17:19