Fjord1: Rute 46 ute av drift
Sambandet Kvanne – Rykkjem er midlertidig ute av drift, står det i ei ordknapp melding frå Fjord1 kl. 13.46. – Melder om normal drift i sambandet igjen frå 14:45!
Vi fann 7211 artiklar i dette arkivet.
Sambandet Kvanne – Rykkjem er midlertidig ute av drift, står det i ei ordknapp melding frå Fjord1 kl. 13.46. – Melder om normal drift i sambandet igjen frå 14:45!
Etter ein lang og kald periode er det no duka for litt mildare vêr dei komande dagane. Vi kan faktisk vente oss nokre få varmegrader og søraust vindretning fram til torsdag i neste veke. Da blir det igjen litt kaldare, med nokre få kuldegrader i starten – men altså stabil sør-aust vindretning uten nedbør heilt fram til neste helg.
Det er enno ikkje for seint å bli med på julebordet i Todalen ungdomshus laurdag 23. november, fortel Nils Ove Bruset som er leiar i Todalen IL og vertskap for julebordet saman med Todalen Grendalag. Når påmeldingsfristen gikk ut var det påmeld rundt 60 deltakarar, og det teiknar til å bli eit livat arrangement seier Nils Ove. – Vi har mat og plass til nokre fleire deltakarar, så det er berre å ta med god humør og kome på julebord.
Erling Talgø har tenkt på prosjektet med juletre på Holmen i fleire år. No til jul skal det realiserast, fortel Erling og sambuar Maria Hagerupsen til Todalen.no. – Juletreet på bildet er nok i minste laget og juletreet på Holmen blir nok ikkje mykje granbar på. Kanskje blir juletreet på Holmen Norges lengste på 36 meter i ei stålmast som blir bardunert godt fast.
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Det blir begrenset kapasitet på avgangen 09:45 fra Rykkjem onsdag 20. november, på grunn av transport av farlig gods. Avgangen er begrenset til 12 passasjerer, melder Fjord1.
Kaldperioden dei siste par vekene har gjort underverker i Sæterlia, og deler av anlegget er klart for å køyrast i gang alt komande helg kan vi lese på Driva.no. Snøproduksjonen har stort sett gått som smurt, og det komande døgnet er det meldt litt «natursnø» som liksom skal toppe det heile.
Dagens bokslapp vart utsett ein time i ettermiddag for å styre unna straumstansen som Svorka hadde beramma. Men det vart bra oppmøte i Ungdomshuset i ettermiddag, og det nye årsskriftet som er nr 18 i rekkja, var godt motteke. Todalen historielag jobbar godt, og har stor oppslutning i bygdefolket som er interessert og engasjert i den lokale bygdehistoria. I dag var det møtt opp eit femtital interesserte, da lagets leiar John Moe kunne ønskje velkomen.
På grunn av nødvendig arbeid på strømnettet, blir det søndag 17. 11. strømstans i området Eidet, Melhus, Todalen, Stangvik og Torvik i tidrommet 9:00 – 14:00, melder Svorka Energi, som beklager ulempen dette medfører. Har du spørsmål kan du ringe vakttelefonen 924 20 050. Legg for øvrig merke til at Boksleppet til Todalen historielag […]
Dagens landbrukskonferanse i kulturhuset samla nærare 120 deltakarar og vitnar om at landbruksnæringa står sterkt i Surnadal. Konferansen er eit samarbeid mellom Surnadal Sparebank, Surnadal kommune, Surnadal bondelag og Todalen bondelag, og har vore arrangert kvart år sia 2007 og er fagleg påfyll med sitt mangfaldige program.
For konferansen hadde litt av kvart å by på, og starta med at ordføraren i Surnadal, Margrete Svinvik, ønska velkomen.
Søndag 17. november er det klart for premiere for årets årsskrift frå Todalen historielag. Det skjer i Todalen ungdomshus, men på grunn av straumutkobling denne dagen må vi justere tidspunktet, og starter difor kl. 15.00, men elles går programmet som planlagt.
Komande laurdag kl. 14.00 er det tid for haustfest i Start 4H. Det skjer i Todalen skule, og alle er velkomne til å delta på haustfesta. Tradisjonen tru vert det utstilling av oppgåver, og visning av aktivitetar gjennom året, samt quiz, loddsal og merkeutdeling. Servering av kaffi og saft – og noko godt å bita i, melder Start 4H.
Surnadal Kunstforening vil invitere til HAUSTLYS, utstillingsåpning laurdag 16.11 kl 1300 i Galleri Finstuå i Surnadal Kulturhus.