Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjentfolk på Norskeplassen

Jon Olav Ørsal Måndag 9. desember 2019

Sjømannskirka i Arguineguin på Kanariøyene arrangerer kvart å adventsgudsteneste i friluft på Norskeplassen, som ligg i fjella mellom turistbyane Porto Rico og Arguineguin. I fjor var det Torbjørn Brøske som var sjømannsprest ved kyrkja der, men i år var det Eyvind Skeie som var prest.  Like tru mot tradisjonane var todalingane Jenny og Edmund Talseth og Randi og Vidar Sogge.

Frå Edmund Talseth har vi fått bilde og sågar ein videosnutt frå arrangementet som var søndag 8. desember.  Han fortel at det etter gudstenesta vart servert kaffe og pepparkaker til deltakarane og til slutt var det gang rundt juletreet.  Det er mykje nordmenn i området på denne tida, og Norskeplassen er eit populært utfartpunkt som mange brukar som mål for sine trimturar.  Friluftsgudstenesta er eit samarbeid mellom Sjømannskirka og Norskeklubben, skriv Edmund, som helsar til kjente i Todalen.

Her kan du sjå ein liten videosnutt frå juletregangen på Norskeplassen.  Foto: Edmund Talseth

 

 

 

Publisert: 9. desember 2019, 16:00