Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På Holmen: Montering av Todalspålen er i gang – OPPDATERT

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. desember 2019

I dag starta det fysiske arbeidet med å montere Todalspålen som skal bli Noregs høgste juletre på ein holme.  I dag tidleg var det samling til svart kaffe og konfekt, og briefing for arbeidet med montering av sjølve Todalspålen. Det er Sollid Mek. som har laga fundament og påle, og ei stor stjerne som skal stå i toppen av pålen.  Etter ein rask gjennomgang av prosjektet så starta arbeidet.

Briefing før jobben starta – detaljgjennomgang av plana og sågar gjennomgang av både plan A og plan B. Frå venstre Maria H. Halle, Kenneth Sæterbø, Åsmund L. Kvendset, Erling Talgø og Ola Dalsegg. Foto: Jon Olav Ørsal

Alt utstyret var på plass på kaia på Ansnes-saga, og første delprosjektet var transport av både utstyr, folk og verktøy ut til Holmen.  Deretter skal det bores i fjell for å montere det solide fundamentet til pålen, her må det nok brukes både herdende betong og solide boltar. 

Vêret er nok ei lita utfordring, men mannskapet vart etter kvart godt kledd og utstyrt med flytevestar  – klare for å sette ut på sjøen.  I går kveld dukka det opp eit transportproblem, da den eine flåten svikta, men eit par telefonar så var den floken løyst.  – Vi opplever velvilje og har gode hjelparar over alt, seier Erling Talgø som er initiativtakar og leiar for prosjektet. Erling fortel at dei er godt i gang med finansieringa av Todalspålen og det kjem inn pengar både frå privatpersonar som kjøper kuler og frå firma som kjøper lyslenkjer. Det er mange som vil være med og støtte dette tiltaket, seier Talgø.

Vi er lova å få bilder frå Holmen etter kvart som arbeider går framover, så her er det berre å følgje med på Todalen.no utover dagen – i dag skjer det ting på Holmen!

Stjerna som skal opp i toppen av pålen – her ligg stjerna i snøkanten som «byggesett». Foto: Jon Olav Ørsal

I dag har arbeidet med å montere og sikre fundamentet til Todalspålen pågått. Vi har fått mange flotte bilder frå arbeidet som pågår på Holmen, og disse legger vi ut i bildegalleriet nedafor, og utan kommentarer.  Alle foto i bildegalleriet:  Maria Hagerupsen Halle

 

Publisert: 7. desember 2019, 11:07