Mild start på nyåret
Det vart ein mildt start på det nye året – og kanskje på rekordvis – Brusetmarka kan iallfall skilte med rundt 15 varmegrader i morgontimane på torsdag 2. januar. Det er for så vidt ikkje noko å skryte av, da Åndalsnes melder om rekord på mellom 18 og 19 grader. Unormalt er det uansett, når ein tenkjer på at vi faktisk ofte har slike temperaturar i sommarmånadene.