Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

… og takk for det gamle!

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. desember 2019

No når 2019 er i ferd med å ebbe ut så sluttar 2019 slik som det starta, med vind og regn – mykje regn og sludd er det meldt på yr.no. Det vil nok legge ein dempar på nyttårsfeiringa, iallfall med tanke på markeringa med fyrverkeri.

Men sjølv om vêret legg ein dempar på nyttårsfeiringa, så er vi full av optimisme for det nye året. Vi trur det nye året skal gje oss mykje positivt og vi har eit heilt år på oss for å få til ting, når vi snart skriv 2020.

For oss på Todalen.no peikar pilane oppover.  Antall besøk på nettsida er rundt rekna 465.000, ein auke på 6%. Talet på sidevisningar er også aukande med 5,5% til 898 000 i 2019. Vi skal ikkje ta med så mange tal, men talet på lesarar (unike) har også auka til 89.000, som er ein auke på 8,5%.

Vi seier berre takk for følget og velkomne att i 2020!

Godt nyttår!

Helsing oss i redaksjon

Dordi Jorunn, Elinor og Jon Olav

 

Publisert: 31. desember 2019, 18:00