Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Saknar du eit brillepar?

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2019

Er det du som har mista brillene dine under Romjulsmarsjen i dag?  Eit par briller vart under marsjen funne ved Pilskaret.  Brillene har «gullinnfatning» og det ser ut som dei har fått seg ein liten trøkk.  Brillene er levert inn på Matkroken Todalen, og rettmessig eigar kan få dei att der, når butikken opnar laurdag kl. 10.00.

Publisert: 27. desember 2019, 16:21