Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Velkomne til nyttårsgudsteneste

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. desember 2019

Todalen sokneråd minner om gudstenesta nyårsaftan kl. 16. Gudstenesta vert forretta av pensjonert sokneprest/sjømannsprest Torbjørn Brøske. Ved orgelet finn vi kantor Bjørn Vevang. Dei tre ungdomane som skal konfirmerast i vår, er med og les samlingsbøna og dei to lesetekstene.

Vidare vert det 2 songinnslag ved ei songgruppe frå Todalen. Dei har og ei aktiv rolle i dagens forbønn, som er Fredslitaniet, ei bønesamling frå oldkyrkja. Her vert det vekselsong mellom liturg og korgruppe/kyrkjelyd.

Fredag kveld var konfirmantane samla i kyrkja til ein gjennomgang av gudstenesta; Ingebrigt Kvendset Bergli, Martin Kvande Talgø og Maren Mikkelsen Karlsen. Foto: TB

 

Publisert: 28. desember 2019, 14:00