Vipps og vinn på julekalenderen til SIL alpingruppa
Snart er det tid for å opne første luka på adventkalenderen. Neste søndag er første søndag i advent og 1. desember, og da trekkjer vi den første premien fortalte Markus og Isak som var på plass i kaffekroken. Det var sal av adventskalendrar frå SIL alpingruppa som stod på agendaen, og dei gikk unna – 75 kr pr stk. og 3 for kr 150 – dei aller fleste vart nok frista til å kjøpe 3. Og her kan du vinne i 2 gevinstar kvar dag – heilt til jul kunne dei berette.