Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Reint drikkevatn – kokepåbudet er forlengst oppheva!

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. februar 2020

Husby og Halle vasslag informerte seint i går kveld om påbud om koking av drikkevatn frå vassanlegget i Lauvåa.  Det er langt i frå noko dramatisk som har skjedd, men Svorka energi hadde seint i går kveld havari på ein transformator ved Husby.  Dermed var Husbygrenda utan straum og straumbrotet stoppa UV-anlegget brønnhuset. 

Det roterande fileteret fungerer utan straum da det er vasstrykket som styrer rotasjonen. Foto: AT

I det nye vassanlegget i Lauvåa er det nemleg montert UV-anlegg – det vil seie at 4 UV-lamper skal sørge for å drepe uønska bakterier som kan være i vatnet som går inn i systemet.  Men aller først blir vatnet filtrert før det går gjennom UV-anlegget. Filtreringa funger optimalt sjølv om straumen er borte fordi vasstrykket fører til at vatnet blir filtrert på vanleg måte. 

Når det så oppstår straumbrot av ein eller anna grunn, er så vassverket pålagt å informere dei knappe 50 abonnentane om kokepåbud – og så må dei etterpå, «når situasjonen er normalisert», oppheve kokepåbudet.  Det nye renseanlegget som vart montert da vassverkets inntak var renovert for nokre år sia, sikrar at det er trygg kvalitet på vatnet som blir levert til ei kvar tid, seier Anders Talgø som er ein av dei som er ansvarleg for tilsyn og varsling i vasslaget 

Vassintaket inn mot grovfilteret. Foto AT

Grovfiltra og det roterande filteret sørger for at vatnet er fritt for rusk etc. før det går til UV-filteret. Foto:AT

Publisert: 12. februar 2020, 17:25