Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Få problemer med Elsa på indre

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. februar 2020

Det var nok knytt litt spenning til ekstremvêret Elsa i natt og i dag. Etter meldingane skulle stormfloa være på sitt høgste kl 12.32 på tysdag. Det var ho nok også, men i det stille og fine vêret gikk det veldig fint for seg.  Vi var ute med kamera, og har knipsa fleire bilder rundt omkring i flomålet – både i båthamna, ved Talgøfabrikken, på Bordholmen, på Todalsøra og ved Ansnessaga.

Vi har laga eit lite bildegalleri som viser korleis det såg ut på dei forskjellige plassane. Det var forresten mange som var ute for å sjå på vannmassane og som var utrusta med kamera. Det blir nok mange fine motiv i kjølvatnet av Elsa som ekstremvêret er døpt. 

Bildegalleri frå flomålet rundt Todalsfjorden.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 11. februar 2020, 17:16