Ekstremvêret vart ikkje så ekstremt…
Det var ikkje måte på med ekstremvarsel for onsdag og torsdag denne veka, men heldigvis vart det ikkje slik som yr.no og varsam.no varsla at det kunne bli. Faktisk var det meldt at det kunne kome inntil 200 mm nedbør i løpet av 48 timer. Hadde det gjort det hadde det nok sett heilt annleis ut. Men faren var der, med ein del snø i fjellet og meldingar om mildvêr og regn med snøsmelting heilt til topps.