Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gaupefamilie på besøk i Todalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. februar 2020

Det var Ola Kvendset som oppdaga spora etter gaupefamilen i skogkanten rett ovafor heimgarden på Kvennset. Ola tok kontakt med lars Olav Lund hos SNO (naturoppsynet for Trollheimen). No på tampen av dagen spora dei gaupefamilien frå Kvennset og oppover til Husby.  Det er spor etter tre dyr – morgaupa og to ungar. 

Familie på 3 – 1 stor og to små på vandring i Todalen. Foto: SNO/Lars Olav Lund

Frå Kvennset har dei fortsett innover til Bekkerhagan, der dei har passert gjennom grinda og opp til Holan.  Vidare over lauvåa ved huset til renseanlegget til Lauvåa vassverk.  Der var det kvittert med nokre dråper for å hevde revir, før dei tre har fortsett etter vegen nedover frå renseanlegget og vidare innover Eplehagan. To av dyra har gått opp på Hjellen medan det tredje dyret har forsett innover i skogkanten. Her slutta sporinga, men gaupefamilien fortsette innover i skogkanten.  Dersom det er noen som observerer gaupefamilien eller spora etter den så er det fint om det blir rapportert til SNO som ønskjer å halde eit auge med dei «nye todalingane».

Like ved renseanlegget til Lauvåa vassverk har gaupefamilien passert lauvåa. Foto: SND/Lars Olav Lund

Publisert: 15. februar 2020, 17:37