Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellukka SkiMo youthcamp Nordmøre

Jon Olav Ørsal Sundag 16. februar 2020

SkiMo youthcamp Nordmøre er vel i hamn og kan glede seg over eit vellukka arrangement, som starta på Kårvatn fredag kveld og fortsette i Sæterlia på laurdag og vart avslutta med konkurranse i settemsdalen på Søndag. Det var Trollheimen Fjellsportklubb som var arrangør og arrangementet famna både den eldre og yngre garde – og da spesielt dei yngre med tanke på rekruttering til randoneesporten.  

premieutdeling klasse G 15-20 frå venstre Sondre Løkke Hagen (3.-plass) Erik Kårvatn (1. plass) og Edward Sætran Solli (2. plass). Foto: Gudmund Kårvatn

Om rennet skriv Trollheimen fjellsportklubb på sin facebookside:  «Her er resultater fra dagens renn i Settemsdalen. Tidtakingen var helmanuell, så det var til tider hektisk aktivitet i sekretæriatet under furua, med rapportering via telefon fra toppen og notering på vindlette lapper. Så alle passeringer er med forbehold om feil og med en nøyaktighet på +/- 5 sek. Det var totalt 20 deltagere og 16 av disse var faktisk under 18 år. Det var godt å se ungdommens råskap. 21 min og 18 sek raskest opp på toppen av Blåfjellet og 3 min 40 sek ned. Det sier sitt.»

Resultatlista frå rennet i Settemsdalen. Arrangøren tek forbehald om feil i tidtakinga.

Les meir om konkurransen i Settemsdalen i Driva som har fyldig reportasje derfra (+-sak)

Vi har laga eit bildegalleri frå laurdag og søndag  – alle foto: Gudmund Kårvatn

Først publisert: 16. februar 2020, 20:23 - Sist oppdatert: 17. februar 2020, 07:15