Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Prima skurtømmer i Øyalia

Jon Olav Ørsal Sundag 16. februar 2020

Den siste veka har det pågått tømmerdrift i nedre del av Øyalia.  Det er Solli Skog som jobbar der, og dei stiller med både hogstmaskin og lastbærer så det går fort unna og drives effektivt. Det er eit felt med furuskog som no blir teke ut – rundt 8-900 m3 slik det ser ut no, fortel Ståle Ansnes som er skogeigar.

Mykje fint skurtømmer i Øyalia. No blir jobben å køyre ut furutømmereet som hogstmaskina har felt og kappa. Foto: Jon Olav Ørsal

Todalsfurua har godt ord på seg med tanke på kvalitet, og tømmerlunnane som låg klar til utkjøring såg ut til å være av god kvalitet.  Hogstmaskina er på det næraste ferig med tømmerhogsten, og no blir det fokus på utkjøring av tømmer fram til lunningsplass dei næraste dagane. 

Publisert: 16. februar 2020, 18:49