Vil ha arboretet ope så mykje vi kan!
For Svinviks arboret er det ingen tvil om at det er både eit spesielt år og ein spesiell vår. Koronakrisa «var på topp» akkurat da vi skulle booke bussturer til arboretet på etterjulsvinteren, fortel Maja Frønes som er dagleg leiar for Svinviks arboret. – Disse gruppereisene legg fundamentet både for besøkstala i hagen og for omsetninga i kafeteriaen. I staden for å planlegge ein offensiv vårsesong så vart arboretet stengt ned, sier Maja. No er det letta litt på restriksjonane, men dette vil nok prege drifta gjennom heile sesongen og framleis er gruppeturar med buss forbudt.