Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Koronakrisa gjer 1. mai digital i år – oppdatert!

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. april 2020

Leiar i Surnadal Arbeidarparti, Lilly Gunn Nyheim, fortel at det var planlagt tradisjonelt 1. mai-arrangement i Surnadal, men koronakrisa sette ein stoppar for det. Laget hadde sikra seg AUF-leiar Ina Rangønes Libakk som hovudtalar. Koronakrisa sette altså ein stoppar for å få Libakk live, men ho vil likevel sende ei helsing til surndalingane i høve dagen, seier Nyheim, som promoterer Arbeidaranes dag saman med Odd Arild Sande. – Det vil skje på lagets facebookside – Hør Ina Rangønes Libakks apell her

Hovudparolen for 1. mai 2020 er «Tryggheit for helse og arbeid» og oppfordrar alle til å heise flagget i solidaritet med alle som er ramma av koronakrisa.
Koronakrisen gjer kvardagen usikker for mange innbyggarar, både når det gjeld helse, arbeid og økonomi. 1. mai er difor dagen for å hylle helsepersonell, lærarar, sjåførar, butikkmedarbeidarar, reinhaldarar og alle andre den siste tida har gjort rein stor innsats.

1. maikomiteen oppfordrar surndalingane til å støtte lokalt næringsliv. – Det er utruleg viktig at vi støttar lokalt næringsliv, ikkje berre under koronakrisa, men også vidare framover. Vi minner om at serveringsstadene i bygda held ope 1. mai, og vi oppfordrar til å ta med familien ut på eit hyggeleg måltid, seier dei to.

I år blir det streaming av talar og 1. mai-tog på nettet
Det skjer på www.1mai.no. Frå kl 11.00 vil det være muleg å følgje streaming av den nasjonale markeringa av dagen. På denne nettsida vil det bli direktesending med gjestar i studio. – Appell av AP-leiar Jonas Gahr Støre og SV-leiar Audun Lysbakken. – I tillegg vert det forskjellige kulturinnslag, både song og musikk, fortel Nyheim og Sande.

Først publisert: 30. april 2020, 23:45 - Sist oppdatert: 1. mai 2020, 07:39