Nils-Erik skifter «beite»
Nils-Erik Ulset er ansatt som fagkonsulent i Møre og Romsdal idrettskrets. Dermed er det klart at Ulset skifter beite, etter å ha jobbet et par år hos Kårvatn Fjellutstyr i Todalen.
Vi fann 7041 artiklar i dette arkivet.
Nils-Erik Ulset er ansatt som fagkonsulent i Møre og Romsdal idrettskrets. Dermed er det klart at Ulset skifter beite, etter å ha jobbet et par år hos Kårvatn Fjellutstyr i Todalen.
Det er framleis ikkje påvist smitte av covid-19 i Surnadal kommune. Det er utført smittesporing mot annan kommune, men heldigvis med negativt resultat. Kommuneoverlegen opprettheld vedtak om karanteneplikt i 14 dagar for alle studentar som kjem heim til Surnadal.
Etter initiativ fra varaordførar Hugo Pedersen vart det før helga nedsett ei beredskapsgruppe landbruk i Surnadal. Gruppa består av leiarane i Bondelag og Småbrukarlag og i saueavlslag, mjølkeprodusentlag, skogeigarlag osv. I tillegg er varaordførar og jordbrukssjef med og ikke minst avløysarlaget.
Svorka melder om at arbeid i breibandsnettet vil føre til brudd på TV- og breibandsleveransen i 20-30 minutt søndag frå kl 10:00 og utover. Selskapet beklager ulemper som dette medfører!
Myndigheita oppfordrar folk som er friske eller i karantene til å kome seg ut for å få frisk luft og mosjon. Det må imidlertid skje på ein trygg måte, der du held avstand til andre til minimum eit par meter. Våre bilder er frå Kårvatn i dag, der det eigentleg skulle vore full trøkk med Norgescup og greier
Vi har fått dagens ferske statusrapport frå kommuneleiinga i Surnadal kommune. Førebels er det ingen smitte påvist i Surnadal kommune, men det tas høgde for at det kan kome og vi kan lese at kommuneoverlege Bjørn Buan vurderer smittesituasjonen fortløpande med tanke på justering av tiltak
For 2-3 dagar sia vart ein grevling påkøyrt ved Drivhammaren. Grevlingen fekk nok ein skikkeleg smell og døde nok raskt. Etterpå har grevlingen ligget på «lit de parade» på vegkanten i fleire dagar – ingen har brydd seg med å ta kontakt med ansvarleg myndigheit for at dyret kunne bli fjerna.
Eit skikkeleg vårteikn er det nok i seg sjølv at vi er komne fram til vårjamdøgn for 2020. Det betyr at det er det døgnet når natta og dagen er like lang – og det er den faktisk over heile verda. Vanlegvis er vårjamdøgn den 21. mars, men i år er det i dag den 20. mars og det nøyaktige tidspunktet er kl. 03:50 UTC.
Surnadal kommune har fortsatt ingen med påvist korona-smitte, noko vi sjølsagt er glade for. Det er gjennomført ein del prøvar i løpet av veka, men alle prøvane har vore negative. Og situasjonen er slik sett uendra frå i går. Vi elles svært glade for responsen på den invitasjonen vi gjekk ut med på heimesida vår i går, der vi søkte etter helsepersonell. Nærare 30 personar meldt seg sidan i går kveld, noko vi er svært takksame for, skriv kommunaldirektør Knut Haugen i ei presseorientering.
Kirkens Nødhjelp har avlyst årets bøssebæringsaksjon for Fasteaksjonen den 31.03 for å hindre korona – smitte. Årets Fasteaksjon blir digital og er viktigere enn noensinne skriver Gro Hauge Venås som aksjonsansvarlig for Fasteaksjonen i kirken i Surnadal og Rindal.
Det er framleis ikkje påvist korona-smitte i Surnadal kommune, men vi erkjenner at situasjonen raskt kan endre seg og har sjølvsagt fått med oss at viruset no har spreidd seg til nabokommunen. Møre og Romsdal er no det fylket i landet som har færrast antal påvist smitte per 1000 innbyggar. Kommuneoverlegen understrekar at vi alle må jobbe hardt for å oppretthalde dette forspranget og hente ut den positive effekten av dei strenge tiltaka som er sett i verk. Vi veit at isolering er eit tiltak som verkar.
Arne og Samuel på søppelbilen held hjula i gang, og tømmer søppel etter den ordinære tømmeplana frå ReMidt. Dei er nok snart dei einaste som jobbar etter ordinær plan, og denne onsdagen er det papir og plast frå Todalen som står på plana deira.