Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

 Sommar turist i eige fylke, – turen gjekk til Sunnmøre

Stig Husby Torsdag 30. juli 2020
Sommaren i år vart kanskje annleis for fleire, men det gode med situasjonen er at vi fikk anledning til å utforske eige land og meir kortreiste opplevingar.
Det har også undertegnede gjort, og ein fin julidag gjekk turen til Godøya og Alnes Fyr på Sunnnmøre. Med fastlandsforbindelse og vakker natur kun 20 minutt utanfor Ålesund var det perfekt for ein dagstur frå Todalen.

Mange fine motiv når sola rir inn i solnedgangen. her frå Molja fyr i Ålesund     Foto: Stig Husby

Her ute ytterst i havgapet på Sunnmøre har det vore fyrverksemd sidan 1852, og fyret er framleis i full drift. 
Ein kombinasjon av vakker natur, eit flott tilrettelagt kystkulturminne, og den heilt spesielle nærheten til havet har gjort Alnes fyr til ein turistmagnet. I 1936 vart det bygd eit nytt vinkeltårn på 22,5 meters høgde. Denne type tårn er relativt sjelden i Norge og var eit flott skue.
I oktober 2016 opna eit nytt opplevelsesenter på Alnes Fyr, med heilårsopen kafeteria og eit flott galleri for kunst. Kystverket har ein utstilling i kafeen som viser dagens aktivitet ved fyret.
Som ein rein bonus er det også ei verkeleg fin sandstrand rett nedanfor fyret. Stranda var godt besøkt den dagen vi var der, og dei besøkande storkosa seg i det flotte vestlands veret. Her tippar vi at det er rimelig vindfullt når høsts stormane tek tak litt seinare i år.  – Vel verd eit besøk var det, og anbefalast for dei som ikkje har teke turen enda!
 
Vi byr også på eit lite bildegalleri frå området ved Alnes fyr – Alle foto: Stig Husby
Publisert: 30. juli 2020, 16:49