Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7115 artiklar i dette arkivet.


Senioruniversitetet gjesta Talgø på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. august 2021

Dei kunne no valt seg ein likare vêrdag når dei først skal på besøk til Todalen.  Men sjølv nedbørsmengder, flaumstore elvar, og til og med ras i gammelvegen på Svinvikrunden skremte ikkje Senioruniversitetets medlemar frå turen til Todalen.  Dei hadde invitert seg sjølv til Gammelfabrikken, for å sjå og høyre om både gammel og ny tid ved Storfossen i Brusetmarka. Og Storfossen som danna grunnlag for satsinga i 1899 og kraftproduksjon, dundra i dag forbi Gammelfabrikken med 77 m3/sek kl 13.


Mykje regn og flaumstore elvar – oppdatert

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. august 2021

Det var nok inga overrasking av det var flaumstore elvar i dag tidleg, etter som yr.no i sinemeldingar har åtvara om til dels store nedbørsmengder lokalt.  Her på berget kan vi lese på ein av dei lokale verstasjonane at det var mykje nedbør både ein periode i går kveld og ein periode i 2-3 tida i natt. 


Ras stenger gammelvegen i Svinvikrunden

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. august 2021

Det har i kveld gått eit ras i øvre del av Svinvikrunden.  For den som er litt lokalkjent så har raset gått i området i området som kallast Langkleiva – mellom grinda og utsiktpunkteet mot Svinvika.  Svinvikrunden blir no stengt, til situasjonen er avklart og vegen er rydda.


Klubbritt – det butta mot opp Falla

Jon Olav Ørsal Måndag 23. august 2021

Trollheimen Sykkelklubb arrangerte det årlege klubbrittet som går til Kårvatn, med start frå Forsamlingshuset på Nordvik.  Det er temmeleg knappe 19 km etter bergningane til 1881.no.  Øyvind Berthelsen-Tangvik  var kjappast på pedalane med tida 35:45, medan Gaute Moen kom i mål eit lite sekundnd etter.  


Stavgang til Hjellnessetra

Jon Olav Ørsal Sundag 22. august 2021

Surnadal pensjonistlags stavganggruppe inviterer torsdag 26. august til stavgangtur til Hjllnessetra i Todalen.  Oppmøte og parkering ved garden på Hjellnes til valeg tid kl 11:00.  Alle er velkomne til å bli med på tur!   


SkyRun-bilder: Litt rundt omkring….Oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 22. august 2021

Laurdagens arrangement – Kårvatn SkyRun 2021 er forlengst historie og har fått mykje omtale både i media og ikkje minst i sosiale media.  Vi har fleire bilder, og vi har fått tilsendt bilder frå arrangementet som vi gjerne vil publisere her på Todalen.no.  Vi ha difor laga ei sak med slike bilder, som du kan «klikke deg inn på»  og sjå dersom du har lyst.


Erik gjekk til topps på heimebane under Kårvatn Sky Run 2021

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. august 2021

Under laurdagens konkurranse på 29 km på Kårvatn Sky Run 2021 var det ingen som klarte å hamle opp med Erik Kårvatn. morten Antonsen låg lenge først, med Erik på andreplass.  Det var på tur ned frå Slanglifjellet til Tovatna at Erik ga gass og etter det var han uslåeleg på turen inn til mål.  Erik kom i mål på 3:31:21.  På andreplass kom Morten Antonsen 1:24 etter og på tredjeplass kom Fredrik Bruseth på 3:33:38.  


Kårvatn SkyRun 2021: Alle er ute i sporet – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. august 2021

Da er alle 76 deltakarane ute i sporet.  Kl 11:00 startet SkyRun 29 kms løpet, der dei siste 43 deltakarane la ut på runden om Storfjellet, via Grinaren, Slanglifjellet og til Tovatna. Derfrå går turen utover Gammelseterdalen og til målgang på Kårvatn.


Kårvatn Skyrun 2021: Starten har gått og løpet er i gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. august 2021

Presis kl 8:00 kunne speakeren sende dei 24 løparane på langløypa (43 km) i veg på turen opp mot Storfjellet – og vidare innover Trollheimen.  I tillegg starta dei 8 deltakarane i Storfjellet Opp.  Det store spenningsmomentet var i dag tidleg om vêret var godt nok til å kjøre normal start kl 9. Yr.no meldte at det skulle klarne opp i morgontimane og det ser ut til at vêret blir betre etter kvart. 


70 år og eldste deltakar på Kårvatn SkyRun

Jon Olav Ørsal Fredag 20. august 2021

Alderen er inga hindring for 70-åringen Ingunn Ytrehus som løper for Romerike Ultraløperklubb, som tek runden gjennom lengste løypa i morgon.  Ho er slett ikkje bomredd, som legg ut på den 43 km lange løypa, og har nok enno tromsø Skyrace i beina frå 2 veker attende.  Men Ingunn er vant til å bruke kroppen, og gler seg til pandemien er over slik at ho kan sleppe seg laus for fullt. Ingunn kjem frå Rollag i Numedal. 


Vindøldalsturen som ble til Kleivatur

Sverre Kjølstad Fredag 20. august 2021

12 personer trosset regnværet og møtte ved bommen for tur til Vindøldalen i dag. Etter en kort rådslagning ble det enighet om å avlyse denne turen i regnvær og tykk skodde langt nedover liene. Alternativet som ble valgt gjekk i stedet til Kleivakongens rike. Da var det å snu bilene og returnere til Skei og ta fatt på bakkene opp til Kleiva. Dette ga god trim, og pusten gjekk tungt oppover bakkene. Noen av oss gjekk fram til Breimoen for å se på dyrkamarka til Fjellbu som har drevet stort med sau.


Kårvatn SkyRun: 75 på startstreken komande laurdag

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. august 2021

Totalt er det påmeldt 75 deltakarar på Kårvatn Skyrun som går av stabelen komande laurdag.  – Det er vi veldig godt nøgd med seier Gudmund Kårvatn som er primus motor for fjelløpet som faktisk går i hjarta av Trollheimen.  Spesielt er vi gla for at det er så mange unge deltakarar og at det også er mange deltakarar frå lokale lag heromkring.  Det viser at interessa for slike fjelløp er stigende og deltakartalet aukar for kvart år.