Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje regn og snøsmelting – varslar stor rasfare

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. november 2021

Vêrmeldinga yr.no varslar med både gult og orange farenivå i sine meldingar, og ber folk følgje med på det som skjer lokalt.  Det er spesielt rasfaren som i Trøndelag og på Nordmøre er varsla med orange niva – der Surnadal kommune såvidt er innafor området. Når det gjeld nedbør er det meldt til dels store nedbørsmengder det komande døgnet – det vil seie frå tysdag ettermiddag til onsdag ettermiddag.  

Så langt ser det ikkje ut til å være nokon overhengande fare, men blir det høgare temperatur og regn høgare til fjells kan dette endrast.  Det er iallfall lurt å trenske opp i avløp og bekkefar, slik at vatnet ikkje demmes opp unødig.  Lurt er det nok også å følge med på vêrmeldinga yr.no og på varslingsportalen www.varsam.no 

Publisert: 23. november 2021, 15:08