Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt klokketårn på stabburstaket

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. november 2021

I snekkarverkstedet på Liatun er det eit arnested for spesielle ting som folk vil ha.  I dag la Gunnar Nordvik siste hand på verket for klokketårnet som skal til Nordvik.  Det er Karin Åsbø og Nils Håvard Øyås som har bestillt klokketårn som skal monterast på det restaurerte stabburet heime i Nedre Slettnesset.

Gunnar har laga både tårnet og opphengsmekanismen. Sjølve klokka er det Ola Polden som har laga. Han var i si tid ein av naboane på Nordvik. Foto: Jon Olav Ørsal

Gunnar fikk kunstnerisk friheit til å designe og lage supaklokketårn til stabburet, og vi tykkjer han har lykkast med det arbeidet.  Han har laga både tårnet og opphenget til klokka.  Klokka er forresten laga rett i nabiolaget på Nordvik – i Åsbøhagen – av Ola Polden som i si tid dreiv og støypte messingklokker i smia si.  Ola har signaturen sin på klokka støypt inn. 

Både klokkehuset og klokka er signert. Foto: Jon Olav Ørsal

Gunnar har lage klokkhuset med spontak, og det vart veldig fint.  Rett nok vart det litt arbeidssomt, men det er det faktisk verdt etter vår smak.  Nå står det berre att å løfte klokkehuset opp på staburtaket og sette det skikkeleg fast, slik at det tåler ein hauststorm.  Det skjer ein av dei næraste dagane – så snart det blir utvarran vêr, ffortel Gunnar.  

Spontak vart flott. Heile klokketårnet er forresten laga i MøreRoyal materialar og vil nok tåle vær og vind i mange år. FotoJon Olav Ørsal

Gunnar i verkstaden sin på Liatun. Det er høveleg å ha litt innearbeid på vinters dag. I verkstaden på Liatun er det ein arnestad for spesialitetar trur vi. Foto Jon Olav Ørsal

Gunnar har laga fleire klokketårn i forskjellige design – her er its som er 6-kanta og er montert på sabburet på utigard Ørsal. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. november 2021, 17:00