Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flaumstor Surna gikk over sine bredder

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. november 2021

Elva Surna har i natt gått over sine bredder – på topp var nok vassføringa mellom klokka 2 og 3 i natt – og hadde da større vassføring en under storflaumen for eit par år sia da både krøtter og sauer vart tekne av flaumen.  No var flaumen varsla – sågar på orange nivå – og både krøtter og sauer var forlengst komne i hus.

Bilder vi tok i føremiddag viser at det framleis er stor vassføring i Surna, sjølv om vassføringa er redusert mykje i forhold til toppen som var i natt.  

Toåa har på si side ikkje vore så veldig flaumstor – største vassføring i natt var på rundt 32 m3/sek som er langt frå flaumnivået som ligg rundt 75 m3/sek.  Det kan ha samanheng med at mykje av nedslagfeltet ligg høgare og at nedbøren der har kome som snø – eller så har det rett og slett vore mindre regn. 

Flaumstor Surna ovar Øyabrua – Elvebakken lengst til ventre i bildet. Foto: Jon Olav Ørsal

Toåa ovafor Brusetbrua – i natt var vassføringa på rundt 32 m3/sek som er langt unna flomnivåen som ligg på rundt 75 m3/sek. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. november 2021, 12:23