Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Laurdag: Sesongåpning 12 mai i arboretet

Elinor Bolme Fredag 11. mai 2018

I år opnar Svinvik Arboret den 12.mai og har ope 5 dagar i veka heile sesongen, frå onsdag-søndag. Onsdagane i juli er det langope til klokka 20.00. Ellers er det stengt på 17. mai, men ope alle dagar i pinsehelga.


Jamn jentekamp

Elinor Bolme Torsdag 10. mai 2018

I går kveld var det to kampar i aldersbestemte klassar på Søyabanen. G10 Søya/Todalen møtte først eit sterkt sunndalslag som tok leiinga frå start til slutt. Etterpå var det J10 Søya/Todalen som også møtte eit sunndalslag. Dette vart ein langt meir jamnare kamp, som til slutt endte uavgjort.


Surnadal pensjonistlag på Øra

Bitten Ranes Onsdag 9. mai 2018

Et annerledes medlemsmøte for pensjonistene i Surnadal i dag. Det startet i lokalene til Surnadal Billag AS.  Vi fikk en grei orientering om hva som skjer i de gamle lokalene. Og det var svært interessant å høre på de to eierne, Jon Arne Mogstad og Martinus Grimsmo som for tre år siden kjøpte hele greia for ei krone!


Markering av Hans Hyldbakk 120 år

Steinar Hasselø Måndag 7. mai 2018

8. mai er det 120 år sia Hans Hyldbakk vart fødd. Det vil bli markert med kåseri og utstilling på kulturhuset. Kåseriet er ved «Hyldbakk-biografen» Svein Sæter. Og sjølv om Svein både har skrive om og gjeve ut bøker med Hans, fortel han at det stadig dukkar opp nye forteljingar om «Bygdadiktaren». Nokre av dei har til og med røter i andre verdsdelar.


Fylkeskonservator på arkeologisk besøk på Nordvik

Elinor Bolme Laurdag 5. mai 2018

Forrige veke hadde Surnadal kommune besøk av Fylkeskonservator Bjørn Ringstad og kollega Guro Dahle Sanden for å avdekke mulege historiske funn på Nordvik. Fylkeskommunen har innsigelse til den kommunale reguleringsplana  i området på grunn av nærheit til kulturminna som vart oppdaga under tomtegravingane tidlegare


Dugnaden er i gang!

Elinor Bolme Fredag 4. mai 2018

I dag var første offisielle dugnadsøkta på Toåa Tursti i full sving. Dagens innsats vart lagt ned på Matkroken, kor det vart seld lodd til neste helgs basar i Ungdomshuset. Ragnar Halle og Carsten Bohle var første mannskap ut og kunne fortelje om stor positivitet til å både ta lodd og til sjølve prosjektet. 


Medlemsmøte på Billaget

Elinor Bolme Torsdag 3. mai 2018

Surnadal Pensjonistlag har medlemsmøte på «Billaget» på Surnadalsøra tirsdag 8.5. kl 1500. Orientering ved Jon Mogstad. Etterpå går turen til Hammerstuene, der det blir  servering og loddsalg.


Stavgangartur til Bøfjorden

Elinor Bolme Tysdag 1. mai 2018

Vekas stavgangtur går på torsdag til Elvaneset i Bøfjorden, og startar som vanleg klokka 11. Ein vandrar kvar ein vil og et medbragt mat på den fine rasteplassen tett ved sjøen, melder Bitten Ranes i ein epost til redaksjonen. 


Markering av Hans Hyldbakk 120 år

Seinar Hasselø Måndag 30. april 2018

8. mai er det 120 år sia Hans Hyldbakk vart fødd. Det vil bli markert med kåseri og utstilling på kulturhuset. Kåseriet er ved «Hyldbakk-biografen» Svein Sæter. Og sjølv om Svein både har skrive om og gjeve ut bøker med Hans, fortel han at det stadig dukkar opp nye forteljingar om «Bygdadiktaren». Nokre av dei har til og med røter i andre verdsdelar.


Norrøn fantasy for familien

Steinar Hasselø Sundag 29. april 2018

Du får møte Tor og andre frå norrøn mytologi når Teatret Vårt kjem til Surnadal kulturhus med «Tjalve og Roskva – Det store kappløpet» fredag 4. mai. Tjalve og Roskva førebur seg til eit stort kappløp. Tjalve er ein av dei raskaste til å springe, men plutseleg blir han så redd for å tape at han ikkje vil vera med i løpet likevel.


Sommaråpent bibliotek på Skei

Elinor Bolme Sundag 29. april 2018

Biblioteket på Skei går no over til opningstider for sommaren frå og med 2. mai. Biblioteket vil frå da av og til 16. september ha ope på kvardagane (måndag-fredag) mellom kl. 11 og 15.


Nybegynnarkurs for golfinteresserte

Elinor Bolme Laurdag 28. april 2018

Surnadal Golfklubb gjer seg klar til ny sesong på golfbanen på Mo, og inviterer til årets første nybegynnarkurs «Veien til golf-kurs» (VTG) neste helg12. og 13.mai. Dette er eit kurs for deg som ønsker å bli kjent med golfsporten. Kurset kostar 1700 for vaksne og 650 for juniorar. Da får du: Leie av alt nødvendig […]