Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fylkeskonservator på arkeologisk besøk på Nordvik

Elinor Bolme Laurdag 5. mai 2018

Forrige veke hadde Surnadal kommune besøk av Fylkeskonservator Bjørn Ringstad og kollega Guro Dahle Sanden for å avdekke mulege historiske funn på Nordvik. Fylkeskommunen har innsigelse til den kommunale reguleringsplana  i området på grunn av nærheit til kulturminna som vart oppdaga under tomtegravingane tidlegare.  Desse funna vart automatisk freda som kulturminne, og kommunestyret kan ikkje godkjenne plana før denne innsigelsen er trekt, fortel Håvard Stensønes som er einingsleiar areal og naturforvaltning i kommunen.

Frå venstre Råg Ranes, Håvard Stensønes, Bjørn Ringstad og Nils Strømsvåg.

Det er til dømes lokalisert ein stor gravhaug nederst på neset, der det no er innlagt ei hensynssone rundt. I denne sona er det natrulegvis ikkje tillatt med bygging. 

Kommunen arbeider med tilpassing av reguleringsplana og prøver no å få tilpassa byggeområda slik at Fylkeskommunen kan trekke innsigelsen. Dette går på avstand til gravhaugen. -Vi har god tru på å finne ei løysing som er til å leve med for alle partar; både kulturminnemyndigheter og dei som skal selgje hyttetomter og utvikle småbåthavna på Nordvik, seier Stensønes.

På befaringa var Håvard Stensønes, Råg Ranes og Michal Heimlund frå kommunen, og Nils Strømsvåg frå Vatn Maskin saman med Fylkeskommunen sitt mannskap. Alle foto: Michal Heimlund.

I samarbeid med riksantikvaren vil det bli satt opp fleire informasjonsskilt som fortel om kulturminna som finnes i området. Blant anna ein holeveg ned mot nausta som er godt synleg. På oversida av denne er det påvist førhistorisk dyrkning i form av kullag kan arkeolog Guro Dehli Sanden fortelje. Her ser vi av undersøkingar på staden at det har gått ras blandt anna. 

Siste funn no på nyåret var ei steinrøyse. Her er vitenskapsmuseet varsla og funnet vil bli behandlet som gravrøyser enn så lenge. Riksantikvaren kjem i juni for å grave de ut for å se om det er av historisk interesse, avsluttar Sanden.

 

Først publisert: 5. mai 2018, 07:00 - Sist oppdatert: 4. mai 2018, 21:01