Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommaråpent bibliotek på Skei

Elinor Bolme Sundag 29. april 2018

Biblioteket på Skei går no over til opningstider for sommaren frå og med 2. mai. Biblioteket vil frå da av og til 16. september ha ope på kvardagane (måndag-fredag) mellom kl. 11 og 15.

Dette kan føre til ulemper for dei som ikkje når fram i åpningstida. For å bøte litt på dette, har dei ordna seg med eit samarbeid med resepsjonen i 1. etg kor ein kan plukke opp bestilte bøker når det måtte passe seg. Ring på tlf. 476 80 797 (i opningstida), send ei melding på facebook eller send e-post til biblioteket@surnadal.kommune.no og «bestill» det du vil låne.

Bøker kan ein alltid levere inn ved å sleppe dei ned i ei luke til venstre for inngangen til biblioteket. Siste laurdagsope på biblioteket før sommaren var i går 28. april. Biblioteket er stengt på høgtidsdagane i mai (1., 10., 17. og 21. mai).

Først publisert: 29. april 2018, 07:20 - Sist oppdatert: 28. april 2018, 11:30