Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Markering av Hans Hyldbakk 120 år

Seinar Hasselø Måndag 30. april 2018

8. mai er det 120 år sia Hans Hyldbakk vart fødd. Det vil bli markert med kåseri og utstilling på kulturhuset. Kåseriet er ved «Hyldbakk-biografen» Svein Sæter. Og sjølv om Svein både har skrive om og gjeve ut bøker med Hans, fortel han at det stadig dukkar opp nye forteljingar om «Bygdadiktaren». Nokre av dei har til og med røter i andre verdsdelar.

Det var likevel ikkje som bygdediktar Hans sjølv ville bli hugsa; men heller som lokalhistorikar. Han skreiv imponerande 11.000 sider med bygdesoge og slektshistorie. Trass i det, er det «Vårsøg», «E slåttatæja» og andre dikt, tonesett av Henning Sommerro, som gjorde han mest kjent nasjonalt.

Svein Sæter fortel levande om Kleivakongen Hans, med støtte i både bilde og lyd. Du kan høre kåseriet til Svein i kinosalen kl. 11.00. Utstillinga vil bli opna i etterkant av dette kåseriet.

Svein Sæter vil ta kåseriet på nytt igjen seinare den dagen, kl. 1900, for dei som heller vil ta turen da. Det er gratis inngang til både kåseri og utstilling. 

Utstillinga «Gjennom Hyldbakk si fotolinse»

Hans Hyldbakk hadde ofte kameraet sitt med seg på sine rundreiser, og med eit vakent blikk fotograferte han landskap, hus og folk på Nordmøre frå rundt 1940 og utover.

Fotosamlinga etter Hyldbakk inneheld fleire tusen bilete. Mange av desse vart trykte i ulike bøker, men slett ikkje alle. I utstillinga får du sjå eit variert utval fotografi med ulike typar av motiv og ein del av bileta er ikkje publiserte tidlegare.

Utstillinga er digital, det vil seie at bileta blir vist fram frå ein prosjektor, og blir vist i Galleri Finstuå frå 08.mai til 14.mai. Bileta blir også lagt ut på digitaltmuseum.no.

Museet arbeider for tida, i samarbeid med bygdebokkontoret, med å få digitalisert heile fotosamlinga til Hans Hyldbakk.

Arrangementet er støtta av «Den kulturelle spaserstokken».

 

 

Først publisert: 30. april 2018, 05:46 - Sist oppdatert: 29. april 2018, 21:52