Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


60 kubikk flis på 1-2-3

Elinor Bolme Laurdag 12. januar 2019

I dag har det vore rydda i kvistdungane nedover ved ekrekanten i Slåttøya ved Toåa Tursti igjen. Per Åke Jakobsson og Carsten Bohle har kutta opp ca 60 kubikk med flis på nokre ettermiddagstimar fra dugnaden tidlegare i fjor haust. Veret har vore litt stabilt vått den seinare tida, så dei har ikkje hatt anledning å gjort ferdig jobben dei starta før jul.


Banken gir av overskuddet

Elinor Bolme Laurdag 12. januar 2019

Kvart år har lag og foreningar mulegheit til å søke Surnadal sparebank om midlar etter siste års overskudd. I år intet unntak, og banken oppfordrar alle med eit kundeforhold til å søkje.


Dalahaugen Open, ein familiedag for alle!

Elinor Bolme Fredag 11. januar 2019

Det vart resultatet av møtet som Todalen Idrettslag inviterte til i går kveld, i forbindense med randoneé arrangementet siste helga i februar. Denne helga blir det arrangert to renn, eit vertikalrenn laurdag med start ved Dalahaugen på Kårvatn som går opp til Tydalsnebba, og sprint søndag som går i området rundt Dalahaugen og Dalalia.


56 500 grasrotkroner til Todalen

Elinor Bolme Torsdag 10. januar 2019

Denne veka har fjorårets resultat av Grasrotandelen vorte publisert. Heile 649 millioner kroner vart sendt til ut ulike lag og organisasjoner landet rundt, 194 millioner meir enn i 2017. Vi har teke ein titt i listene, for å sjå kva «våre» lag og foreningar i Todalen har fått i form av den lovfesta 7% av spelarinnbetalingar til Norsk Tipping sine spel.


Motstrøms i bakken, ein suksess!

Elinor Bolme Onsdag 9. januar 2019

Eit enkelt lågterskel arrangement vart verkeleg ein innertiar, kunne Gudmund Kårvatn fornøgd konstatere etter at Todalen IL onsdag kveld arrangerte nybegynnarkveld for randonee-interesserte. Nesten 20 personar tok turen til Surnadal Alpinsenter for å gå motstrøms denne kvelden. Ja, for det er akkurat det dei gjer «desse randonee folka», vil kanskje mange tenkje, i sine tronge, ultralette trikotar. Men oppmøtet tilsa definitivt at interessa for sporten er til stades i vårt dalstrøk også, da særleg som ei vaksande trimaktivitet, fortel Gudmund.


Ønsker liv i Dalalia

Elinor Bolme Tysdag 8. januar 2019

Siste helga i februar blir det også i år arrangert randonne renn på Kårvatn. I den forbindelse inviterer Todalen IL til eit lite idemyldringsmøte for å få til ein familiedag under laurdagens renn. Ragnar Halle er pådrivar denne gongen, men behøver fleire til å hjelpe til, fortel han. -Her har vi mulegheit til å lage […]


Vasslause i Bjøråa vassverk

Elinor Bolme Sundag 6. januar 2019

I dag er det dessverre abonnentane ved Bjøråa vassverk som er utan vatn melder vakthavende  ved Surnadal kommune; Tor Arne Moen. Han fortel at trafoen i Falla er årsaka. Denne må skiftast av Svorka og dette blir ikkje i orden før utover kvelden.  Som ei mellomløysing kjem derfor kommunen og kobler til eit nødaggregat slik […]


Bli kjent med randonne!

Elinor Bolme Laurdag 5. januar 2019

Onsdag kveld inviterer Todalen Idrettslag til randokveld i Sæterlia, i samarbeid med Surnadal Alpinsenter AS. -Endeleg, så blir det eit opplegg for dei som vil læra meir om randndonne også her i dalføret, fortel Gudmund Kårvatn.


Nokon har for lite, medan andre har for mykje…

Elinor Bolme Laurdag 5. januar 2019

Store nedbørsmengder dei siste dagane har ført til varseltrekantar med både gule og raude farger både på nedbør, flaum,  jordras og sist men  ikkje minst snøras i Trollheimen. 


Fyll opp kalenderen vår!

Elinor Bolme Fredag 4. januar 2019

Nytt år og nye aktivitetar er under planlegging. Det betyr forhåpentleg vis at aktivitetskalenderen her på todalen.no skal fyllast opp med små og store arrangement det kommande året. For at alle skal få best muleg informasjon om kva som skjer i bygda oppfordrar vi derfor at lag og organisasjonar og eventuelt andre sender oss ein e-post med litt info om kva som skal skje i løpet av året. 



The Brørs: «Pappapop»-slepp

Steinar Hasselø Onsdag 2. januar 2019

Sigurd Brørs og einmannsbandet The Brørs har teke eigarskap til den nye sjangernemninga «pappapop»! Denne perla av eit ord er nemleg tittelen på den ferske plata som skal feirast på Surnadal kulturhus laurdag 5. januar kl. 1900.