Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Motstrøms i bakken, ein suksess!

Elinor Bolme Onsdag 9. januar 2019

Eit enkelt lågterskel arrangement vart verkeleg ein innertiar, kunne Gudmund Kårvatn fornøgd konstatere etter at Todalen IL onsdag kveld arrangerte nybegynnarkveld for randonee-interesserte. Nesten 20 personar tok turen til Surnadal Alpinsenter for å gå motstrøms denne kvelden. Ja, for det er akkurat det dei gjer «desse randonee folka», vil kanskje mange tenkje, i sine tronge, ultralette trikotar. Men oppmøtet tilsa definitivt at interessa for sporten er til stades i vårt dalstrøk også, da særleg som ei vaksande trimaktivitet, fortel Gudmund. Mange har nok oppdaga at randoneeutstyr gjer fjellturen på ski til ei anna oppleving; lettare å gå opp og meir komfortabelt og kanskje tryggare på tur ned.

-Her var deltakarar frå fleire kommuner, ulike aldrar og ikkje minst i ulike utøvarspenn; her var dei som akkurat hadde kjøpt seg utstyr og ønska litt veiledning i bruken, vi hadde dei ivrige turgåarane som fekk tips og triks i både utstyr og teknikk, og så hadde vi dei vidarekomne som fekk veiledning i treningsteknikk for kanskje å driste seg utpå eit renn i løpet av vinteren.

Ola Hovdenak frå Norges Skiforbund Randonee stilte som instruktør saman med Robert Sørlie frå Halsa. Dei delte gruppa i to, slik at alle fekk best muleg utbytte av kvelden.

Denne gjengen bruka ikkje heisen i slalombakken. Dei gjekk naturleg vis med feller oppover, som skal av igjen når det er tid for nedrenning. Dei som konkurrerer i denne sporten trenar spesifikt på det å ha fellene av og på. Også det å gå sving er viktig, med eigne teknikkar for å bruke minst muleg tid på vendinga.

Alpinanlegget var også åpent for ordinære brukarar denne kvelden, samt at alpingruppa i Surnadal IL hadde treningskveld, så det var mykje liv og røre i bakken. -All honnør til Dag Skei og Surnadal Alpinanlegg som tilrettela for oss slik at vi kunne får gjennomført dette, seier Gudmund. Det gav definitivt meirsmak hos deltakarane også, så no må vi i Todalen IL få på plass ei eiga undergruppe for dette, slik at vi kan oppretthalde gløden og interessa for denne veksande sporten. 

Alle foto: Gudmund Kårvatn.

Publisert: 9. januar 2019, 23:19