Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ønsker liv i Dalalia

Elinor Bolme Tysdag 8. januar 2019

Siste helga i februar blir det også i år arrangert randonne renn på Kårvatn. I den forbindelse inviterer Todalen IL til eit lite idemyldringsmøte for å få til ein familiedag under laurdagens renn.

Ragnar Halle er pådrivar denne gongen, men behøver fleire til å hjelpe til, fortel han. -Her har vi mulegheit til å lage litt liv og aktivitet i målområdet mens dei aktive utøvarar er på tur opp. Kanskje eit barneskirenn, kulerenn eller miniranndo? funderer han.

Har du lyst til å bli med? Eller har du gode idear å bidra med? Kom på Talgø møbelfabrikk torsdag kveld klokka 19 oppfordrar Ragnar. 

Publisert: 8. januar 2019, 16:37