Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Tur til Vollasetra og Ekkertind blant sommerens utvalgte  

Elinor Bolme Fredag 15. mars 2019

Hvert år velger Den Norske Turistforening ut de beste sommerturene fra hele landet i en nasjonal turkatalog. I år er Kristiansund og Nordmøre Turistforening sin til tur Vollasetra og Ekkertind med i katalogen. 


Cruisemanual med Todalen som destinasjon

Elinor Bolme Fredag 15. mars 2019

Kristiansund og Nordmøre Havn IKS  presentere  i dag sin nye cruisemanual for Kristiansund. Markedsansvarleg  Erika Indergaard fortel i ein epost at manualen har vore gjennom ei betydeleg oppgradering, både med hensyn til innhold og design. -Vi har fleire nye tilbud, både lokalt og i regionen, f.eks. fotoutstillinga «Bacalhau da Noruega» og utflukt til Tingvoll med verdas beste ost og økoparken.


Nytt landslagsuttak for Fabian Østigård Ness

Elinor Bolme Torsdag 14. mars 2019

Tidlegare har vi skreve om Fabian Østigård Ness som var utteke til si første landslagssamling i fotball i klassen U20 og som spela sin første landslagskamp mot Frankrike under ei samling på La Manga 19. november. Fabian har no på ny vorte utteke til nok ei landslagssamling, og er enda eitt skritt nærmare U20-VM i Polen 23. mai til 15. juni.


Pipelife Show & Style i alpinbakken søndag

Elinor Bolme Torsdag 14. mars 2019

Førstkommende helg arrangeres Slopestyle Show and Style i Surnadal Alpinsenter. Arrangør er Surnadal Freeski Alpint som er ei ivrig gruppe med ca 20-30 barn og dyktige foreldre/trenere. Show and style er 1 av 4 renn i midt-Norge og inneheld mange utfordringar for både store og små tøffingar. Konkurransen som blir avheld på søndag vil garantert gi mange imponerende hopp og sprell.


Sommarjobb for deg mellom 16 og 22 år

Elinor Bolme Torsdag 14. mars 2019

Sokna i Halsa, Surnadal og Rindal har bruk for deg som er mellom 16 og 22 år til sommarleirane sine.

Desse leirane er for ungar og ungdomar i alderen 7-16 år, og jobben foregår u tidsrommet 24.juni- 10.juli.


Topp forhold på Tjønnmyra

Elinor Bolme Torsdag 14. mars 2019

Ola Dalsegg i skigruppa melder om fantastiske langrennsforhold på Tjønnmyra no i dag. Han har no teke runden med skjeldalsfresen rundt lysløypa og som de ser av innsendt bilde så er det meir som på ein internasjonal skistadion.


Motivert til å satse vidare på nasjonalt nivå!

Elinor Bolme Onsdag 13. mars 2019

Rando-VM i Villars, Sveits nærmar seg slutten der dei i dag har konkurrert i greina vertikal. Todaling på startstreken også i dag, med gode prestasjonar i ei krevande løype. Dagens trasé var kanskje ikkje heilt etter «malen» som Todalen IL brukar, fortel Gudmund Kårvatn frå hotellet i Villars. – Traseen var til tider veldig bratt, og dertil veldig slak i andre parti, fortel han. God teknikk på diagonalgang var eit fortrinn, og ikkje minst valg av feller. Her vart det derfor lurt å velgje feller med god glid, framfor godt feste.


Vel gjennomført av Erik i krevande løype.

Elinor Bolme Tysdag 12. mars 2019

I dag har Randoneelandslaget vore i aksjon i VM løypene i Sveits igjen, og Todalen IL sin mann på startsstrek har nok ein gong levert eit sterkt løp i Individuell. Erik Kårvatn kom inn på ein respektabel 25. plass av 49 startande i klassen cadett ( junior). I dag forserte dei 850 høgdemeter i ein veldig […]


Todalen IL minner om årsmøtet

Elinor Bolme Måndag 11. mars 2019

.Onsdag 27.03.2019 kl 19.00 er det Todalen IL sin tur til å halde årsmøte i Todalen Ungdomshus.
Fristen nærmar seg for saker som ønskes behandla på årsmøtet – siste frist er 13.03.19 for innmelding til styret v/Nils Ove Bruset


Kjempedebut for Erik i Ranonee VM i Villars

Elinor Bolme Sundag 10. mars 2019

I dag har Erik Kårvatn debutert i randonee-VM i Villars, Sveits saman med resten av verdenseliten. Rundt 290 deltakarar fordelt på heile 31 nasjonar deltek, der Sveits, Italia og Frankrike er i ein divisjon for seg sjølv. Dagens øvelse var sprint, og både Erik og Edvard Sætran Solli gjennomførte ein fantastisk mesterskapsdebut i junorklassen, med kvar sine gode prologar som resulterte i ein 19. plass for Erik og 35. plass til Edvard.


Byttedag og kaffelag

Elinor Bolme Sundag 10. mars 2019

I dag er det mykje som foregår i Todalen. I 2. etasje i Skulstuå var det klesbyttedag, kor ein kunne gjere fleire gode «kupp» utan å betale ei krone. Maria Hagerupsen Halle og Astrid Longva Kvendset var primus motorer, og hadde på førehand fått samla inn mykje fint både av sko, klær og litt smykkesaker i ulike størrelsar.


Ny runde med rognplanting i Toåa

Elinor Bolme Laurdag 9. mars 2019

Onsdag denne veka var Kjetil Haugen og Bjørnar Åsbø frå Rossåa settefiskanlegg ute på ein ny runde med rognplanting. Dei hadde med seg Kjell Øyen, som har sendt oss nokre bilder frå utsetjinga av nærare 20 000 rogn i Toåa.