Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vel gjennomført av Erik i krevande løype.

Elinor Bolme Tysdag 12. mars 2019

I dag har Randoneelandslaget vore i aksjon i VM løypene i Sveits igjen, og Todalen IL sin mann på startsstrek har nok ein gong levert eit sterkt løp i Individuell. Erik Kårvatn kom inn på ein respektabel 25. plass av 49 startande i klassen cadett ( junior).

Hovedfeltet i starten.

I dag forserte dei 850 høgdemeter i ein veldig tung og krevande trasé fortel Gudmund Kårvatn som er med i støtteapparatet. -I seniorklassen, som starta saman med juniorane var det fleire av favorittane som braut. I den norske troppen var det berre Stine Haustreis som måtte bryte grunna ei ulykke, og måtte fraktast til ein doktorsjekk.

Dagens overlegne vinnar i herreklassen, Robert Antonioli og ein fornøgd deltagar frå Todalen IL. Erik kom på ein meget sterk 25 plass i eit veldig tøft løp, og da er det stas med eit velfortjent klapp på skuldra av verdensmesteren.

Edvard Solli Sætre kom inn på ein 43. plass. Men da hadde han to stavbrudd undervegs og likevel gjennomfører i fin driv!

No er det full avslapping fram til neste renn som er vertikal i morgon. Da er det enkelt og greit førstemann opp til målstreken.

Alle foto Gudmund Kårvatn.

Publisert: 12. mars 2019, 14:36