Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Beredskapsmøte

Beredskapsmøte

Elinor Bolme Sundag 20. november 2011

Laurdag arrangerte Indre Nordmøre Forsvarsforening temadag om beredskap i Sanitetshuset. Foredragshaldar var Anne-Lise Johnsen frå Eide. Ho er leiar for «Norske Kvinners Beredskap». Ho la i sitt foredrag vekt på viktigheita av beredskapsarbeid, og ikkje minst kom ho med mange ulike tips om det å vera beredt i kvardagen. Berre det å ha refleks i alle ytterjakkelommar er å vera i beredskap. Eller ha plaster i handveska og sekken når ein ute på tur.

Les heile saka

Solidaritetskveld

Solidaritetskveld

Britt Mossing Sundag 20. november 2011

Tysdag 22.11.2011 kl. 18.00 blir det solidaritetskveld ved oppvekstsenteret.
Arrangementet er eit samarbeid mellom skulen, barnehagen og FAU.
Solidaritetskvelden blir avslutning på ei veke med internasjonalt arbeid ved oppvekstsenteret der temaet har vore Nicaragua.

Les heile saka

Fotballbasar i Myrvang

Fotballbasar i Myrvang

Elinor Bolme Måndag 14. november 2011

Søndag ettermiddag var det stor basarstemning i Myrvang. Det var idrettslaget med fotbalgruppa i IL Søya i spissen som sto for arrangementet, der dei i løpet av kvelden også delte ut deltakarpremiar til alle aktive fotballspelarar frå G/J8, heilt opp til G/J12. Herunder kjem også todalsungane som spelar i klassane G10, J10, G12 og J12.

Les heile saka

Unikt bilde av Todalen

Unikt bilde av Todalen

Elinor Bolme Laurdag 12. november 2011

Kristine Saksen Ulvund og ektemannen Alf Inge har laga tidenes samarbeidsbilde av Todalen. Alf Inge har bore utstyr og fotografert, medan Kristine har redigert bilda og sett dei saman til eitt i stort, der ein ser opp i mot Teljan, til utover mot Stangvikfjorden.

Les heile saka

Stort engasjement

Stort engasjement

Elinor Bolme Fredag 11. november 2011

Dei to siste gongene Strikkekaffeen/Fredrikkekaffeen har vore arrangert har det vore godt oppmøte. Men engasjementet med Amandaprosjektet, der dei strikkar til fortidlegfødte barn, er også stor. Strikkepinnane går heilt klart ikkje berre når dei møtes desse laurdagane i sanitetshuset.

Les heile saka

Solidaritetskveld utsett til 22. november

Elinor Bolme Fredag 11. november 2011

Den planlagte solidaritetskvelden på Todalen Oppvekstsenter tirsdag 15. november er utsett i ei veke til den 22. melder rektor Dordi Jorunn Halle til todalen.no. Dei har bestemt å utsetta det fordi arrangementet kolliderer med fleire andre arrangement. Meir info om kvelden kjem seinare.


Pub på laurdag

Pub på laurdag

Elinor Bolme Onsdag 9. november 2011

Erling Halle melder i ein kort epost til redaksjonen om at det på laurdag blir open pub på Pakkhuset Kro. Det er no vore lenge sidan sist, så det er vel på sin plass med litt sosialisering før julestria sett inn for alvor. Redakjonen har ikkje fått melding om eventuell servering av fast føde.

Les heile saka

Har du eit høveleg bilde?

Har du eit høveleg bilde?

Elinor Bolme Tysdag 8. november 2011

Dette er det teatergjengen med neste helgs oppføring av «Huldredans» som no spør oss om. Dei ønskar at dei som har høvelege trolske eller huldreaktige bilder  i arkivet sitt sender de inn innan neste fredag på føremiddagen. Då er det godt mogleg at du får sjå det på lerretet i Storstuå under forestillinga. Fleire dømer er sætre/husmannsplassa, fjord, krøtter på fjella, […]

Les heile saka

Kursing i tilskudd for lag og organisasjonar

Kursing i tilskudd for lag og organisasjonar

Elinor Bolme Tysdag 8. november 2011

Onsdag kveld er det høver til å få ei innføring i korleis en kan skaffe sitt lag eller organisasjon mest mogleg tilskuddspengar, melder Driva.no. Kurset blir  arrangert i Svorkasalen onsdag kveld og er ope for alle intressentar. Kurset er i regi av Surnadal kommune og idretsrådet i kommunen. Gå hit for å lesa Driva sin […]

Les heile saka

Mesta todaling

Mesta todaling

Elinor Bolme Måndag 7. november 2011

Hei. Jeg heter Dennis og ble født på St.Olavs Hospital 3 oktober. Vil bare fortelle at jeg stortrives sammen med  min snille storesøster Thea og mine vidunderlige foreldre, Heidi Haltli og Svein Håvard Saksen. De er utrolig stolte av meg, og vi hilser til alle kjente og kjære:)  Foto: Tante Kristine

Les heile saka

Kvitveisen blomstrar

Kvitveisen blomstrar

Elinor Bolme Måndag 7. november 2011

I dag har vi fått ei helsing frå Jorunn Ness som tok seg ein luftetur på føremiddagen. Ho gjekk nedme elva mot Gunnøya då ho oppdaga ein blomstrande kvitveis. Litt spesielt tykte ho, og vil derfor dele den med oss.

Les heile saka

Julegåver først på november

Julegåver først på november

Elinor Bolme Laurdag 5. november 2011

Tysdag ettermiddag opna Todalen Sanitetsforening dørene i Sanitetshuset for å ta imot julegåver som skal sendast med Estlandsforeninga. Ekteparet Jensvoll frå Rindal er saniteten sine kontaktar med foreninga, og dei lovar at gåvene kjem fram til dei ulike intitusjonane som foreninga driv i Estland. Sanitetsforeninga gjorde dette også i fjor, og med nesten 5 søppelsekkar fylte med julegåver i alle variantar kan ein vel seie at dette er eit varmande prosjekt.

Les heile saka