Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Har du eit høveleg bilde?

Har du eit høveleg bilde?

Elinor Bolme Tysdag 8. november 2011

Dette er det teatergjengen med neste helgs oppføring av «Huldredans» som no spør oss om. Dei ønskar at dei som har høvelege trolske eller huldreaktige bilder  i arkivet sitt sender de inn innan neste fredag på føremiddagen. Då er det godt mogleg at du får sjå det på lerretet i Storstuå under forestillinga. Fleire dømer er sætre/husmannsplassa, fjord, krøtter på fjella, ja rett og slett todalsnatur! seier Ingvild kårvatn i ein henvendelse til oss. Bildet «Frostrøyk» som Kjetil Sogge vann «Årets bilde 2010» med på todalen.no er dermed i heilt rett kategori, meiner ho.

 Bildene kan sendast på e-post til svanhildhu@hotmail.com eller til siljeranes@hotmail.com innan fredag formiddag.

Publisert: 8. november 2011, 23:00