Buss Kvanne-Svinvika
Ved kvart ferjeanløp på Kvanne vil det i dag fredag stå ein minibuss klar til å skysse folk som treng å hente bilen sin i Svinvika.
Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.
Ved kvart ferjeanløp på Kvanne vil det i dag fredag stå ein minibuss klar til å skysse folk som treng å hente bilen sin i Svinvika.
Det blir gratis å reise med ferje til og frå Todalen fram til ein køyrbar veg er på plass, det har Møre og Romsdal fylkeskommune vedteke etter sterkt press frå bebuara i Todalen. Liggekai for ferja MF Førdefjord vil bli flytta frå Halsa til Todalen, noko som også gir moglegheiter for fleire ferjeavgangar til og frå Todalen frå neste veke.
Les heile sakaRasområdet i Todalen er no friskmeldt av fjellsikringsteamet og arbeidet med å fjerne stein og tre fra vegen er godt i gang. Torsdag gav fjellsikrarane frå Betongrenovering klarsignal til at arbeidet med å lage ein kjørbar veg gjennom rasområdet til fylkesveg 671 til Todalen kan byrje skriv Vegvesenet i ei pressemelding.
.
Les heile sakaDet har i dag vore branntilløp i eksosmanifoilen på skyssbåten Tollesund. Dermed må båten desverre takast ut av ordinær rute med øyeblikkelig virkning fortel rådmann Knut Haugen på telefon. Båten slepast no til Kvanne for reperasjon. Han opplyser at ny skyssbåt allerede er på tur frå Måløy. Den ankjem Todalen seint i kveld, så ordinær rute blir derfor ikkje før i morgon tidleg.
Les heile sakaSurnadal kommune har fått melding frå Statens vegvesen om at Fjord 1 må justere sine rutetider for MF Førdefjord for å kunne opprettholde antall turer mellom Todalen og Kvanne. Dette pga. den lange kjøringa frå/til Halsa morgon og kveld, og regelverk i forhold til maksimal arbeidstid for mannskapet.
Les heile sakaIvar Hol i Statens Vegvesen orienterer i ei pressemelding i dag at om at vegvesenet jobbar mot det mål å få ferdig kjørbar veg forbi rasstaden så snart som råd. Han understrekar i pressemeldinga dei ikkje kjenner seg att i Ordførarens sitat om at dette kan komme til å ta oppimot 2 månader. Han anslår at kjørbar veg vil kunne stå klar om 3-4 veker etter at sikringsarbeidet er ferdig, om veret tillet det.
Les heile sakaRutetider for buss og båt til vidaregåande skule og ungdomsskulen ligg no ute på Surnadal kommune si nettside. Kommunen opplyser at skuleskyssen skjer via skyssbåten Tollesund og ikkje bilferga Førdefjord. Vi gjengir tidene i sin heilheit her. Det første klokkeslettet gjeld avgang for dei som skal ta bussen til Surnadal Vidaregåande skule, medan den andre gjeld elevane som skal til Stangvik Oppvekstsenter eller Surnadal Ungdomsskule.
Les heile sakaBil, buss, båt, litt spasering og så bil. Dette er kortversjonen av ein ordinær morgon for dei som har starta opp att med arbeid etter ferien i Todalen. Ein styrer ikkje sjølv heilt sin eigen kvardag, men gjer det beste ut av det. Men for å få dette til å gå opp, er stort sett alle nødt til å ta hurtigbåten MS Tollesund.
Les heile sakaLeder i Todalen Idrettslag, Karin Halle har i samråd med leder i Ulvungen Idrettslag Dag Nikolai Gjersvoll
beslutta at årets planlagte Trollheimsmars ikkje blir gjennomført. Dei to idrettslaga tek avgjørelsen på bakgrunn av raset og dei utfordringane som har kome i etterkant av dette med tanke på frakting av deltakarar mellom Todalen og Ålvundeindet.
Tirsdag var den årlege Løftaturen arrangert i regi av Saniteten. Dårleg ver og dårleg oppmøte la ikkje nokon dempar for dei få som møtte opp. Dei tok ruta rundt om Myrmo og opp den fine stien til trimboka på Løfta. Derifrå gjekk turen nedatt forbi grustaket, på hovudvegen før dei enda i Myrjarvegen og Sanitetshuset. […]
Les heile sakaDa er nye rutetider med hurtigbåt Tollesund og bilferge Førdefjord oppsett og utsendt frå Surnadal kommune. Bilferga går gratis kun dei 7 første dagane, og pasasjerane må betale sjølv etter dette. Todalen.no har naturlegvis takstane på dei ulike prisene.
Les heile sakaFørstkommande tirsdag går den årlege Løftaturen i regi av Todalen Sanitetsforening av stabelen. I år er dei tilbake med kun tradisjonell gåtur rundt om Løfta, med utlodning og kveldsmat etterpå i Sanitetshuset. Oppstart ved Sanitetshuset, via Myrmo, opp til trimboka på Løfta og ned om grustaket og hovudvegen til slutt.
Les heile saka