Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Justeringar på ferjeruta til MS Førdefjord

Justeringar på ferjeruta til MS Førdefjord

Elinor Bolme Onsdag 14. august 2013

Surnadal kommune har fått melding frå Statens vegvesen om at Fjord 1 må justere sine rutetider for MF Førdefjord for å kunne opprettholde antall turer mellom Todalen og Kvanne. Dette pga. den lange kjøringa frå/til Halsa morgon og kveld, og regelverk i forhold til maksimal arbeidstid for mannskapet.

Surnadal kommune har heile tida pressa hardt på for å få etablert fast liggekai i Todalen, der MF Førdefjord skal kunne ligge om natta slik at det blir eit best muleg rutetilbud. No har heldigvis kommunen fått bekrefta at dette skal komme i orden etter helga. Kommunen kjem derfor tilbake med eit forbetra rutetilbud så snart dette er klart, skriv rådmann Knut Haugen i ein epost no i ettermiddag.

Ferja skal ligge til kai ved Ansnes-saga. For å få nok dybde til at dette er forsvarleg må det ein lekter på plass framfor kaia, samt at det må  monterast pullertar og fendring. Rådmannen anslår at dette arbeidet blir ferdig til tysdag kveld.

JUSTERT RUTEPLAN FOR MF FØRDEFJORD FRAM TIL LIGGEKAI I TODALEN KAN TAS I BRUK
Gjeldende fra og med torsdag 15. august

Frå Todalen         Frå Kvanne                
——-                        08.15                       
09:30                        10:15                        
11:15                        12:15                        
14:00                        14:45                        
15:30                        16:15                        
17:30                       ——-                        

Altså;    Dei presser inn fem rundturar fortsatt, 10 timers ruteplantid, 1,5 timers kjøring til/frå Halsa kvar veg pluss 1 time førebuing/avsluttande arbeidstid. Det har også vore nemt at Tollesund sine ruter skal endrast. Dette skjer ikkje før MS Førdefjord har etablert liggetid i Todalen.

Publisert: 14. august 2013, 15:54