Ivar Hol i Statens Vegvesen orienterer i ei pressemelding i dag at om at vegvesenet jobbar mot det mål å få ferdig kjørbar veg forbi rasstaden så snart som råd. Han understrekar i pressemeldinga dei ikkje kjenner seg att i Ordførarens sitat om at dette kan komme til å ta oppimot 2 månader. Han anslår at kjørbar veg vil kunne stå klar om 3-4 veker etter at sikringsarbeidet er ferdig, om veret tillet det.
Det blir prioritert å få til eit sikkert, kjørbart felt i første omgang. Provisorisk, men trafikken kan da gå som «normalt» parallelt med vidare arbeid. Permanent sikring vil bli klart til vinteren tek til, men dette vil Statens Vegvesen komme tilbake til med seinare skriv Hoel i pressemeldinga.
Les heile pressemeldinga her: Provisorisk veg