Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tekniske problemer på Tollesund – ekstra avgangar med bilferja

Tekniske problemer på Tollesund – ekstra avgangar med bilferja

Elinor Bolme Fredag 16. august 2013

Det har i dag vore branntilløp i eksosmanifoilen på skyssbåten Tollesund. Dermed må båten desverre takast ut av ordinær rute med øyeblikkelig virkning fortel rådmann Knut Haugen på telefon. Båten slepast no til Kvanne for reperasjon. Han opplyser at ny skyssbåt allerede er på tur frå Måløy. Den ankjem Todalen seint i kveld, så ordinær rute blir derfor ikkje før i morgon tidleg.

MS Førdefjord frå Fjord1 utvidar dermed rutetilbudet med nokre ekstraturar i kveld:

Frå Kvanne-Todalen 18.15
Todalen- Kvanne kl 19.00
Frå Kvanne -Todalen 1945

-All honør til mannskapet som då strekkjer seg til det ytterste for å bistå ekstratransporten seier rådmannen. Skipperen har no sjekka vermeldingane og sidan det er fine utsikter tek dei dermed sjansen på å ligge til kai i Todalen i natt!!

Surnadal kommunen flyttar derfor minibussen i Todalen til fergekaia på Kvanne no snarast. Den vil dermed gå mellom KVANNE OG SVINVIKA resten av dagen, slik at folk som har bilane sine der, får tak i dei.

Publisert: 16. august 2013, 13:02