Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Bøfjordhelg med kultur og fotball

Elinor Bolme Torsdag 13. august 2015

I helga er det storhelg i Bøfjorden med program og aktivitetar frå fredag til langt utpå søndagen. Bøfjordhelga startar på Kveldheim fredag kveld der Bø Grendalag arrangerer salgsmesse med tekstil- og keramikkvarer, kosmetikk, bakarvarer og anna. Laurdag blir det blandt anna revansjeoppgjer mellom Bøfjorden-Todalen, både i klassen knøtt og senior.


Skulestart på måndag

Elinor Bolme Onsdag 12. august 2015

Alle elevane ved samtlege skular i Surnadal kommune byrjar skulekvardagen etter ein etterlengta sommarferie måndag 17. august. Tidene varierer litt frå skule til skule.


52/17 søndagsturen til Aunesetra

Elinor Bolme Onsdag 12. august 2015

Denne gongens søndagstur går til Aunsetra, Storbekklia i Folldalen. Arrangør er Rindal Heimbygdslag. Turen går fra parkeringsplass med opplysningstavle «Tursti til Ura» i Folldalsvegen – ca 15 min gange langs skogsveg/seterveg opp til setervollen.


Medlemsmøte i kveld

Elinor Bolme Tysdag 11. august 2015

Todalen Sanitetsforening minner om at dei startar opp att med medlemsmøte i kveld klokka 19.30 i Sanitetshuset. Alle medlemmer er velkomne, og dei ønskjer også nye medlemmer hjerteleg velkomne for å sjå kva organisasjonen driv med.Det blir enkel servering, med utlodning til slutt.


Med KNT og Norsk Vandrefestival på Snota

Elinor Bolme Tysdag 11. august 2015

Søndag var det i regi KNT (Kristiansund og Nordmøre Turistforening) og Norsk Vandrefestival oppsett fellestur til Snota med oppstart frå Vindøladalen. Det var oppsett lokale turledarar som skulle ta dei interesserte trygt tur retur Snota som ligg godt plassert 1668 meter over havet i Trollheimens eldorado.


Kampoppsett allerede klart til Søyacupen

Elinor Bolme Laurdag 8. august 2015

Kampoppsettet for Søyacupen 22. august er allerede klart. IL Søya tek likevel forbehold om endringer sidan dei er ute i såpass god tid, da det er omlag 2 veker att til sjølve cupdagen. Også i år har dei opplevd stor pågang til cupen, noko som er veldig gledelig. Dessverre fører dette til at dei ikkje har plass til alle lag som har meldt si interesse, og har dermed lag på venteliste. Dei som står på venteliste vil få tilbud om plass dersom nokre lag mot formodning skulle velgje å trekkje seg.


I helga er det Vandrefestival

Elinor Bolme Torsdag 6. august 2015

Norsk Vandrefestival er i år i all hovedsak spredt over dagene 1.-15. august, med ein konsentrasjon rundt familiecampen ved Mjølksandbukta i Bøfjorden no i helga. Her skal det enkle friluftlivet levast og nyte i fine omgivelsar ved sjøen og fjellet, skriv dei på si heimeside www.norskvandrefestival.no.


52/17 Søndagsturen til Vaulen

Elinor Bolme Torsdag 6. august 2015

Turen går denne søndagen til Vaulen på Nordmarka i Surnadal. Her er det merka sti frå Solåsvatnet, bløtt i terrenget, ca 1 times gange til Vaulen. Opprinneleg var Vaulen ein gard under Mo sokn som høyrde kongen til. På slutten av 1600-talet gikk eigedomsretten over til private.


Klare for valgkamp!

Elinor Bolme Onsdag 5. august 2015

Vi nærmar oss haustens valg og Surnadal Arbeiderparti har sendt oss oversikta over alle som stiller til valg for deira parti i perioden 2016-2019. Ei lang og fyldig liste, der den enkelte fortel kva dei går på valg til. Vi har også deira partiprogram vedteke 26.11.2014, for den som ønsker å bla i det.


Elvefisking for barn på Kårvatn

Elinor Bolme Onsdag 5. august 2015

Surnadal Jeger- og Fiskerforening arrangerer familiedag med elvefiske på Sommarfjøsvollen på Kårvatn fredag 7. august frå 18.00 – 20.00. Det blir servering av grillmat. Ta gjerne med ditt eige fiskeutstyr. SJFF har noko utstyr til utlån.


Norway Cup dag 6; med tap i bronsefinalen

Elinor Bolme Fredag 31. juli 2015

Kun eit lag er att i sluttspelet i Norway Cup. Surnadal sitt J19 7’er lag har no i morgontimane spela semifinale mot Lunner/Harestua. Tap i denne kampen resulterte i bronsefinalespel der dei møtte Furuflaten IL, som dessverre vart for sterke for surnadalsjentene.


Norway cup dag 5

Elinor Bolme Torsdag 30. juli 2015

Dagens kamper er i gang og G16 Surnadal har akkurat slått ut Jølster og sikret seg videre spill i 1/8- finalen i kveld. J14 KUST er desverre utslått, men øvrige surnadalslag henger ennå med med gode resultater! J19 Surnadal har sikret besteplassering i Surnadal IL sin Norway Cup historie med semifinaleplass som spilles 9.00 i morgen tidlig.