Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kampoppsett allerede klart til Søyacupen

Elinor Bolme Laurdag 8. august 2015

Kampoppsettet for Søyacupen 22. august er allerede klart. IL Søya tek likevel forbehold om endringer sidan dei er ute i såpass god tid, da det er omlag 2 veker att til sjølve cupdagen. Også i år har dei opplevd stor pågang til cupen, noko som er veldig gledelig. Dessverre fører dette til at dei ikkje har plass til alle lag som har meldt si interesse, og har dermed lag på venteliste. Dei som står på venteliste vil få tilbud om plass dersom nokre lag mot formodning skulle velgje å trekkje seg.

Og med heile 65 deltakerlag, og 5 på venteliste er dette ny rekord for Søyacupen! Mange cuper i regionen opplever ein nedgang i antall lag, men Søyacupen opplever altså det motsatte. Dette setter fotballgruppa i IL Søya stor pris på, og i følge heimesida gjer dei sitt ytterste for å få til ein bra cup for både spelarar, lagleiarar og foreldre. Dei legg blandt anna stor vekt på å få til eit best mulig kampoppsett for alle lag – uten at det blir for lang ventetid mellom kampene.

Sjå kampoppsettet her: Søyacup 2015

Det vil også i år bli satt opp shuttle-buss mellom Kvanne ferjekai og Søyabanen. Bussruta vil bli lagt ut på Søyas nettsider seinare

Publisert: 8. august 2015, 00:23