Historielag med tur til Storlidalen
Todalen historielag og Stangvik historielag arrangerer busstur til Storlidalen og Oppdal laurdag 17. juni. Det blir eit allsidig program med guiding av lokal kjentmann i Storlidalen og omvisning på Oppdalsmuseet.
Vi fann 1042 artiklar i dette arkivet.
Todalen historielag og Stangvik historielag arrangerer busstur til Storlidalen og Oppdal laurdag 17. juni. Det blir eit allsidig program med guiding av lokal kjentmann i Storlidalen og omvisning på Oppdalsmuseet.
Søndag 7. mai inviterte Oddvar Mikkelsen med familie til saueslepp i Gammelstua. Det var ikkje berre sauene som fekk sleppe ut av fjøset etter ein lang vinter, men også geitene. Mykje folk – både små og store – hadde møtt opp, og det var både livleg og trivlege i tunet i Gammelstuå.
Måndag 8.mai er det på nytt Kløvertur. Oppmøte ved Matkroken kl. 11.00 som vanleg.
Denne gongen blir det tur langs Toåa frå Bruset og innover til Fosstøin. Vidare er det plana å gå inn til Hafallmelen og så ned til ein fin gapahuk nedst på Brusetnesset
Fredag kveld melder Stikk UT!-kontakt Norunn Holten at Svinvikrunden er open for vanleg ferdsel igjen. Det var synfaring i berget ovanfor stien fredag ettermiddag.
Stikk UT!-kontakt i kommunen melder at deler av Svinvikrunden framleis er stengt. Men dei som ønskjer å gå turen likevel, skal følgje vegen langs sjøen. Da blir dette ein tur fin tur att og fram i staden for rundtur. Fjellet ved rasstaden vil bli undersøkt i løpet av helga. Vi kjem tilbake med informasjon når det blir […]
I går vart det oppdaga steinras i Svinvikrunden. Store steinar har losna i eit overheng i berget og ramla ned i stien. Derfor er stien stengt eit parti, og det er skilta ei alternativ turrute.
Flott start for ny Stikk UT!-sesong; nydeleg ver og stor aktivitet i trimrundane! Flest besøk i Surnadal kommune har det i løpet av dagen vore på den nye trimposten på Roparen i nedre Surnadal, men det var mange som var ute på trimtur både på Storhaugen og i Svinvikrunden.
Nordvik grendelag hadde årsmøte onsdag 26. april med godt oppmøte. Grendalaget arbeider for trivsel og samhald i gamle Nordvik skulekrins, og alle som bur i grenda og er fylt 16 år, er automatisk medlemer i laget.
Etter ein lang påskeferie er det klart for ny Kløvertur måndag 24. april. Turen går frå Nordvik og utover Haltbakkvegen, fin grusveg og ikkje bratt. Som vanleg er det oppmøte ved Matkroken kl. 11.00.
Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder at no er Stikk UT!-turmåla for sommarsesongen 2017 klare. Det er opplegg for Stikk UT!-turar i 16 kommunar i på Nordmøre og i Romsdal.
Søndag 2. april var det utdeling av «Mi kyrkjebok» til 6-åringane i Todalen sokn. Alle dei fem seksåringane var møtte fram for å ta imot boka si – altså 100 %, det tykte Torbjørn prest var riktig kjekt.
Kløverturen måndag 3. april blir på Kvennset. Oppstart frå Matkroken kl. 11.00. Turen går innover skogsvegen frå Sanitetshuset, eventuelt oppover til Løfta og Sissihaugen.