Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kveldstrim til Gammelsetra

Dordi Jorunn Halle Tysdag 30. mai 2017

Tysdag kveld inviterte trimgruppa i Todalen idrettslag til trimtur opp til Gammelsetra ytst i Kvennsetdalen. Sjølv om det var litt grått og surt ver, var det godt oppmøte med i alt tretten trimmarar.

Klare til start. Frå venstre: Steffi Bohle, Ivar Helge Kvendset, Jorunn Nordvik, Jon Bruset, Anders Todalshaug, Åse Ville Redalen, Britt Mossing, Sidsel Kalseth Heimlund, Ingrid Nordvik, Sigrun Ørsal. Foto: Dordi J H

Turen gjekk frå grustaket nede ved fylkesvegen og opp til Gammelsetra, stort sett etter fin skogsveg – berre siste biten går ein etter litt kronglete skogssti. Bakkane er bratte, og dermed blir trimmen god!

Store stabbsteinar i skogsvegen. Foto: Dordi J H

Heile vegen oppover er det sett opp skilt med namn på dei ulike delane av vegen som til dømes: Snevegen, Vegaskifte, Øvre Storhaugen, Faststeinen/Skrivarsteinen og Utloppet. I «Seterbok for Todalen» er namnet Snevegn forklart slik: «Snevegen går – som namnet seier – på skrå (på «snei», med andre ord skå-lies)». Namneskilta gjer turen meir interessant, og det er viktig å ta vare på dei gamle namna. Namna fortel om hendingar i eldre tider som til dømes Stor-utloppet, om bruk slik som namnet Løfta eller vegetasjon som namnet Haltlia.

Kjekt med namneskilt! Foto: Dordi J H

Etter ein god marsj kom vi opp til Gammelsetra. I matrikkelen frå 1723 om Kvennset heiter det: «en Sæter tilfælles en Fjerding fra Gaarden». Så her var nok den første setra for gardane på Kvennset. Her var det før ei stor, opa slette, no er det vorte ganske attgrodd, men den store, flate steinen på seterstølen ligg der framleis og er god å kvile på.

Ein riktig god trimtur i triveleg lag!

Neste trimtur er 6. juni og går til Dalasetra i Naustådalen.

Stien er smal, da bli det lang rekke! Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 30. mai 2017, 23:32