Trimtur til Ansnessetra
Trimgruppa i Todalen idrettslag arrangerer trimturar onsdagskveldande i juni, og onsdag 13. gjekk turen til Ansnessetra. Turleiar var Jorunn Nordvik.
Vi fann 1024 artiklar i dette arkivet.
Trimgruppa i Todalen idrettslag arrangerer trimturar onsdagskveldande i juni, og onsdag 13. gjekk turen til Ansnessetra. Turleiar var Jorunn Nordvik.
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem tysdag 26. juni og onsdag 27. juni. Ho har mange ledige timar båe desse dagane. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så […]
Gammelfabrikken, Fossheim, var base for dagens Kløverrusletur. Da turgåarane møttest på Kvennsetøran var det kald nordåvind, og det var litt usikkert om det var ver til trim og kaffelag ute i det fri.
Laurdag 9. juni drog Stangvik historielag og Todalen historielag på tur til Valsøyfjorden. Bussen var full, 50 turistar i alt, og mange av turdeltakarane vart rett og slett overraska over kor mykje spennande og interessant vi kunne få sjå og oppleve berre ved å ta ein kort tur til nabokommunen. Guiden vår, Bjørn Fjærli, skal ha mykje av æra for at det vart ein så vellukka dag. Han var kunnskapsrik og flink til å fortelje!
Måndag 11. juni inviterer Saniteten til Kløverrusletur ved Gammelfabrikken, Fossheim. Her er det fint å gå rundt ved fabrikken eller utover vegen i retning Trudvang for rullatorbrukarar og andre som vil halde seg på flata. Ønsker ein gå ein brattare og lengre tur, kan ein gå i retning Tjønnmyrane eller Talgø eller ein runde ved fossen. Etter […]
Stikk UT!-kontakten i Surnadal kommune, Norunn Holten, melder at det no er opna for registrering av turkode i Bjøråskaret:
Onsdag kveld i nydeleg ver vart ei ny og fin informasjonstavle oppsett ved starten av Svinvikrunden. Her kan ein lese historie om dei tre vegane som har utgangspunkt i Svinvika- vegar som er bygde i kvart sitt hundreår. Vidare er det opplysningar om trimruta, altså, Svinvikrunden, kart og bilete
Svinviks arboret melder at dei har utvida opningstid i dag, 6. juni. Dei held ope frå kl. 11.00 til 21.00. Dette skjer i samband med at Nordvik grendalag og Todalen historielag skal avduke informasjonstavle om Svinvikrunden kl. 19.00.
Nordvik grendalag og Todalen historielag har fått laga ei informasjonstavle om Svinvikrunden. Det blir avduking av tavla onsdag 6. juni i Svinvika. Dette skjer kl. 19.00.
Torsdag inviterte barnehagen i Todalen alle interesserte til kunstutstilling og sommarkaffe i Gammelskulen.
Tysdag kveld var det ein spennande og underhaldande fotballkamp på Bordholmen. Søya/Todalen møtte Rindal i klassen J 10.
Leiaren i Todalen historielag minner om at fristen for å melde seg på turen til Valsøyfjord er 1. juni. Det er framleis nokre få ledige plassar i bussen. Påmelding til Marit Haugen eller John Moe.
Stangvik historielag og Todalen historielag inviterer til busstur 9. juni. I fjor gjekk turen til Oppdal – i år går turen til nabokommunen vår Halsa, nærare bestemt Valsøyfjord.