Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 1027 artiklar i dette arkivet.


Fellestur til Svartvatnet på Nordmarka

Dordi Jorunn Halle Tysdag 3. september 2019

Onsdag 4. september arrangerer Stikk UT! Surnadal i lag med trimgruppa i Bæverfjord IL fellestur til Svartvatnet på Nordmarka. Det er start frå parkeringa i Seiglia kl. 17.30, nedst i vegen ned frå Nordmarka til Bøverfjord. Dette er ein tur som passar for alle, både liten og stor! Det blir servering av frukt og sjokolade.


Kløverturen med befaring i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Måndag 2. september 2019

Kløverturen denne fine første måndagen i september gjekk etter Toåa tursti. Det var spennande, for i delar av turstien var det stor aktivitet. No er arbeidet i full gang med å lage tursti med universell utforming langs Toåa; eit stort prosjekt som vil bli til stor glede for folk i bygda.


Kløvertur etter Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 1. september 2019

Sanitetsforeninga melder at det blir Kløvertur måndag 2. september. Oppmøte ved Hals/Matkroken og turstart derifrå kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Kjekt å treffast til Rusletur og lunsj!

Dordi Jorunn Halle Måndag 26. august 2019

Sanitetsforeninga inviterte til KløverRUSLEtur og lunsj i Sanitetshuset måndag 26. august. Det vart ein fin dag; sol frå skyfri himmel og vindstille – da er det riktig så fint å vera på Kvennsetørå!


Søya-cup med mange mål, stor innsats og blide fjes!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 24. august 2019

Idrettslaget Søya feirar 100 år, og det er ein særdeles aktiv 100-åring! Dagens Søya-sup er nr 19 i rekka og med riktig stor deltaking. Om lag 500 fotballspelarar i alderen 6 til 12 år frå 78 lag møtest til dyst på Søyabanen. Visjonen for turneringa er: » Vi skal skape gode fotballminne».



Kløvertur – haustsesongen startar 19. august. Blir du med på tur?

Dordi Jorunn Halle Sundag 18. august 2019

Haustsesongen for Kløverturane i Todalen sanitetsforening startar måndag 19. august. Turen denne dagen går frå redskapshuset på Talgøgarden og innover skogsvegen til «Gammelreiret». Oppmøte ved Hals/Matkroken og samkjøring derfrå kl. 11:00. All er velkomne til å bli med ut tur!


Svært interessant utmarkshistorisk vandring på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Sundag 18. august 2019

Norsk vandrefestival inviterte til utmarkshistorisk vandring i liene på Nordvik laurdag 17. august. Oddvar Mikkelsen stilte som kunnskapsrik, lokalkjent og engasjert guide; dette gjorde at vandringa vart utruleg interessant for deltakarane. Veret var også godt.


På jakt etter Kallaspor i Europa og Amerika, no til Roma.

Dordi Jorunn Halle Sundag 11. august 2019

I 2013 var det 100 år sidan Kalla Skrøvseth vart fødd på Tellesbøbakkå i Surnadal, og familien bestemte seg for å følgje i spora til Kalla for å finne ut meir om kva som inspirerte og påverka kunstnaren Kalla. Gjertrud og Odd Ingar Skrøvseth drog til Roma dit Kalla reiste i 1952. På siste opningsdagen for Kallastuå 2019 kåserte dei om ei spennande reise til Roma og Vatikanstaten; reisa vart komplisert på grunn av at akkurat da dei kom dit, vart det val av ny pave, pave Frans. Det førte til meir eller mindre kaos i byen.


Kalla i Roma

Dordi Jorunn Halle Tysdag 6. august 2019

I 2013 reiste Gjertrud og Odd Ingar Skrøvseth til Roma for å følgje i Kalla Skrøvseth’s fotspor. Kalla reiste til Roma i 1952 for å studere mosaikk-kunst, noko som ho seinare arbeidde mykje med, og det betydde mykje for ho som kunstnar i alle år.


Stor interesse for «salong-salg»!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 1. august 2019

Sigrid Elise Talgø inviterte til «salong-salg» på Tovbu i Øyagrenda. Mange kom for å sjå, mange fann både riktig fine og nyttige saker her! Nesten ingen gjekk tomhendte heim att!


Kortreist kunstoppleving – interessante og fine utstillingar i Kallastuå.

Dordi Jorunn Halle Sundag 21. juli 2019

«It takes a village to raise a Child» – «Jeg kan bruke det afrikanske uttrykket for å forstå min oppvekst. Det hadde sikkert blitt «folk» av meg uten alle de flotte, rare, snille og originale naboene på Øyamoå, men de har vært med å forme meg. Det har jeg oppdaget, og satt stor pris på etter hvert.»