Kløvertur i nydeleg haustver
I motsetning til siste måndagen i september kom første måndagen i oktober med nydeleg haustver; stålande sol frå skyfri himmel og vindstille, men kaldt. Mykje snø i fjella, og mange kuldegrader om natta.
Vi fann 1028 artiklar i dette arkivet.
I motsetning til siste måndagen i september kom første måndagen i oktober med nydeleg haustver; stålande sol frå skyfri himmel og vindstille, men kaldt. Mykje snø i fjella, og mange kuldegrader om natta.
Måndag 7. oktober er det Kløvertur til Haltbakkan. Møt opp ved Hals/Matkroken, samkjøring derifrå kl. 11:00. Turen startar frå Rabbleet. Alle er velkomne til å blir med ut og gå!
Todalen sanitetsforening fekk i 2018 midlar frå Egmont-stiftelsen for å fremje interesse for bøker og litteratur og stimulere til større leselyst hos barn og unge. Fredag før haustferien var den store dagen da May-Elisabeth Holten frå Sanitetsforeninga kom med bokgåva for 2019. Ikkje mindre enn 26 splitter nye og fine bøker hadde ho med seg.
Siste dagen i september kom med høljeregn, sludd og snøelingar, og av til litt opphaldsver. Gradstokken viste berre tre – fire varmegrader, men Kløvertur vart det. Turen gjekk i Halagrenda, frå Halabakkå og inn til Halaneset.
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 30. september. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut og gå!
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 28. september frå kl. 13:00 til 16:00. Alle er velkomne!
Todalen sanitetsforening minner om basaren i Sanitetshuset i kveld. Alle er velkomne! Her er plakaten:
Skodda låg tjukk måndag morgon, men da Kløverturgjengen starta frå Todalsøra letna ho litt etter kvart. Det var mest litt trolsk stemning da vi gjekk langs fjorden utover mot Nessahaugen. Da trimmarane nådde Ansneset var det klårt og fint, og etter kvart vermde sola godt.
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 23. september. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut og gå!
Sørsida jaktlag stilte med stort mannskap i finveret laurdag. Sørsida jaktlag omfattar Ansnes, Hallset, Ørsal, Øya og Bruset. Laurdag starta jakta i Øyalia, men der vart det ikkje resultat.
I helga har det vore Nordvestmeisterskap i Taekwon-do i Molde. Her deltok det mange frå Taekwon-do-klubben i Surnadal, og innsatsen og medaljefangsten vart kjøle bra fortel Kjell Gunnar Polden. Dei kom heim både med gull, sølv og bronse og var godt fornøgde med turen.
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 16. september. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut og gå!